Hafstad vidaregåande skule
Foto av Hafstad vgs - fotografert av Malin R Haukås

Foreldremøte - undervegs-samtalar for Vg1

Hafstad vidaregåande skule inviterer til undervegssamtale/foreldremøte for Vg1 torsdag 25. januar frå kl. 1800 til kl. 2130. Foreldre/føresette får høve til å samtale med kontaktlærar og faglærarar. Det vil også bli orientert om fagval for neste år i Auditorium 1 kl. 1830 og 1930.

I tillegg vil opplæringsleiarane og rådgjevarane vere tilgjengelege for spørsmål om fag og vidare utdanning heile kvelden. Vi ser gjerne at eleven er med til undervegssamtalen.

Velkommen!