IKT turkis

Foreldretilgang til fråver og karakterar

Foreldretilgang - til fråver og karakterar på Skulearena

Det er høve til å søkje om tilgang frå skulestart. Søknaden vil verte handsama innan 14 dagar. Skolearena er det verktøyet lærarane brukar til føring av fråvær og karakterar, vurderinger og eventuelle kommentarar. For å få tilgang til Skolearena, må foreldrene registrere seg og søkje om tilgang. Elevane sin kontaktlærar får melding om førespurnaden og godkjenner tilgangen.

Kven som skal få tilgang vert avgjort med bakgrunn i Barnelova kapittel 5. Hovudregelen er at foreldre med foreldreansvar har krav på informasjon frå skulen om barnet sitt. Viss den eine av foreldra har foreldreansvar åleine, har den andre forelderen likevel rett på informasjon, men her er det ikkje snakk om jamlege oppdateringar (informasjon vert gjeve etter konkret førespurnad, jf Barnelova § 47).    

Klikk på lenkja under for å søkje om foreldretilgang: (klikk på "foresatte", og "ny foresattbruker")

www.skolearena.no/startsiden/index.html

Dersom du ikkje ynskjer e-postvarsel for både ny vurdering og elevresultat, kan du reservere deg mot dette i Skulearena. Det gjer du under fana "Innstillingar". 

Når eleven fyller 18 år og blir myndig, vert foreldretilgangen til Skolearena sletta automatisk.

 

 

 

Kontakt

Alf_Tore svhv.jpg

Alf-Tore Kirkeli

E-pedagog

alf-tore.kirkeli@sfj.no

Kontor B212B. 97 72 72 53

Maria Stubhaug svhv 2.jpg

Maria Stubhaug

E-pedagog

Maria.Stubhaug@vlfk.no 

57 63 75 48

Kontor: B206 

 

Relaterte lenker

For å søkje om foreldretilgang:

Klikk på lenkja under, og på "foresatte", og "ny foresattbruker")

www.skolearena.no/