Hafstad vidaregåande skule
NM i Volleyball

Hafstadgutane vann NM for vgs 2020 i volleyball!

I helga 24.-26.januar var Hafstad vgs sine jenter og gutar i Bergen og spelte NM for vgs i volleyball. Gutane vann alle innleiande kampane med klar margin (2 sett i alle kampane). Kjekt å slå Tertnes Vikings 2-0 (25-12, 25-19) i kvartfinalen.

Tekst: Jan Taule

Men semifinalen mot Framnes vart spennande. Gutane måtte spele tre sett for å avgjere kampen (23-25, 25, 15, 17-15). Deretter vann dei greitt mot Volda i finalen (25-19, 25-16). Og dermed vann gutane NMVGS i volleyball 2020!

Desse vann NM for vgs 2020: Ole Bjørvik, Per Heine Sande, Simon Klopstad, August Kapstad, Martin Fauske, Thomas Malterud, Oskar Solheim og Johannes Hjelle.

Jentene kom på 3.plass i innleiande kampar etter ein siger og to tap. I kampen om 15.plassen (av 20 lag), vann jentene 2-0 over Ullern.

Vi gratulerer begge laga og trenarane deira, Branislav Djuric og Vitor Marcedo.

01 B Rektor held tale.jpg

Over: Rektor Nina Bygstad og avdelingsleiar Jan Taule heidrar vinnarane. Foto - Anette Drage

05 Gutane.jpg

Over: Gutelaget som vann NM for vgs i volleyball 2020. Foto: Jan Taule

04 Jentene.jpg

Over: Jentelaget som også gjorde ein flott innsats. Foto: Jan Taule

02 Ved bordet.jpg

Over: Feiring med sjokoladekake på Hafstad vgs. Foto: Jan Taule

03 B Kaker.jpg