
Halloween på Hafstad vgs
I dag var det mykje spennande å sjå i korridorane på Hafstad vgs. Elevane blei møtt på morgonkvisten av eit par mystiske (og ukjende?) halloweenhekser i vestibylen. Der fekk dei servert varm kakao. Det blei også kåring av beste kostyme i løpet av dagen. Sjå heile artikkelen for å finne ut kven som blei vinnarane!
Det blei delt ut prisar for beste kostyme klassevis, og også for beste individuelle kostyme. Kunst, design og arkitekturklassane utmerka seg spesielt på kreativitet. Klasse 2KDA og 3KDA delte prisen for dei best utkledte klassane! Sjå dei flotte kostyma elevane er iført i dei to vinnarklassane:
Over: 2KDA, kåra som klasse med beste kostyme (prisen blei delt med 3KDA). Foto: Ane Birkeland
Over: 3KDA, - også denne klassen blei kåra med prisen for beste kostyme. Foto: Ane Birkeland
Over: Vinnarbidraga for beste individuelle kostyme. Foto: Ane Birkeland
Over: Mykje flotte kostyme å sjå på Hafstad i dag. Foto - Ane Birkeland
Over: Kreative elevar! Foto - Karoline Vie
Over: Også fleire av dei tilsette hadde kledt seg ut denne dagen. Foto: Anette Drage og Mona Fossdal
Over: Miljøkoordinator Ane Birkeland hadde gjort gode førebuingar, så skulen var stemningsfullt og fint pynta til Halloween. Foto - Mona Fossdal