00000 volleyball

Informasjon frå FVBK/Region Sogn og Fjordane om Hafstadsatsing

Innhald: 3 balløkter og 2 styrkeøkter i veka i samband med skulen. Styrkeøvingane vil vere spesifikke øvingar for volleyball. Desse øktene vil vere i tilknyting til skulekvardagen, før skulen, i skuletid eller rett etter skulen. (NB - klikk på tittelen for å få opp meir informasjon)

Informasjon frå FVBK/Region Sogn og Fjordane om Hafstadsatsing

  • Innhald: 3 balløkter og 2 styrkeøkter i veka i samband med skulen. Styrkeøvingane vil vere spesifikke øvingar for volleyball.
  • Desse øktene vil vere i tilknyting til skulekvardagen, før skulen, i skuletid eller rett etter skulen.
  • Treningskort på Puls vil bli dekka av satsinga dersom ein trenar styrke minimum to gonger for veka og kan dokumentere dette gjennom oppmøteregistrering. Satsinga dekker ikkje treningskort hjå andre treningsstudio.
  • Ein forventar oppmøte på alle øktene, og det skal vere ekstraordinært dersom ein ikkje kan stille på økta. Dette krev god struktur på skulekvardagen.
  • Hafstadsatsinga kan ikkje kombinerast med jobb ved sidan av skulen.
  • Alle må søke på Hafstadsatsing kvart år innan 1. mars sjølv om ein går på Hafstadsatsing. Det er også mogleg å søke seg inn på Hafstadsatsing andre året sjølv om ein var med første året.
  • På kveldstid vil ein i samarbeid med Førde volleyballklubb få moglegheit til å trene med eit av laga til klubben.

Hafstadsatsing – open samling:

Regionen vil i samarbeid med Førde volleyball halde ei samling for dei som kan vere interessert i å søke.
Innhaldet i samlinga vil vere: informasjon om satsinga og praktisk økt. Denne er open for alle som vurdere å søke på Hafstad eller for dei som allereie går på Hafstad og skal opp i andre eller tredje vidaregåande klasse.

Påmelding: Isonen

(meir informasjon finn du i påmeldingslinken)