UNGDATA Hafstad vgs 2021

Informasjon til føresette og ungdommar om ungdataundersøkinga i Sunnfjord kommune 2021

I 2021 blir ungdataundersøkinga gjennomført i Sunnfjord kommune blant elevar i den vidaregåande skulen. For at undersøkinga skal gje eit godt bilete av situasjonen i Sunnfjord kommune, er det viktig at så mange som mogleg deltek. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 5 til 7.

FØREMÅLET MED UNDERSØKINGA
• Gje ungdommar som går på vidaregåande skule ei moglegheit til å fortelje lokale politikarar og
styresmakter om korleis det er å vekse opp i
lokalmiljøet.
• Skaffe ny kunnskap om ungdommen sine oppvekstvilkår til bruk i kommunen og fylket sitt arbeid med denne aldersgruppa.
• Gjere det mogleg å samanlikne med andre kommunar og nasjonale tal, og bidra til forsking.

Her kan du finne meir informasjon om Ungdataundersøkinga