Aktivitetsdagen 3KMA 2020, landart

Innhaldsrik aktivitetsdag for 3KDA og 3MKA

Fredag 2. oktober, siste dag før haustferien - blei det arrangert aktivitetsdag for VG3-klassane på medium og kommunikasjon (MK), og Kunst, design og arkitektur (KDA) ved Hafstad vgs. Dagen starta med ein busstur opp til Sunnfjord Museum i Movika. 

Tekst: Mona Fossdal

Tverrfagleg tema og historie: I Movika fekk elevane omvising, og dei fekk også med seg spennande og interessante forteljingar om pandemiar frå tidlegare tider. Omvisinga og informasjonen hadde relevans både til det tverrfaglege temaet Folkehelse og livsmeistring, og til historie.

Kroppsøving og friluftsliv: Etter omvisinga delte elevane seg inn i grupper, på tvers av MK og KDA. På førehand hadde gruppene planlagt og førebudd ulike ruter/turar dei skulle gå, knytt opp til temaet friluftsliv - i kroppsøvingsfaget. Under planlegginga av turen, skulle elevane m.a. teikne inn turruta på eit kart, skrive opp km/lengd, og antatt tid turen ville ta. Dei skulle også skrive opp kritiske punkt på turen, og ha klart ein kriseplan viss noko uventa skulle skje. På turdagen skulle gruppene gjennomføre turen i nærområdet ved Mo, og elles vise evne til å kunne endre på planane undervegs om nødvendig. I løpet av turen, skulle gruppene også utføre Landart.

Landart oppstod på 1960-talet i USA på same tid som interesse for økologi og farane med forureining var aukande. Kunstverka vart laga/installerte ute i landskapet. Det var viktig at inngrepa som var gjort, ikkje var til skade for naturen. Kunstverka vart gjerne utførte utanfor allfarveg. Difor var fotodokumentasjon viktig.

Elevar frå hafstad vgs som jobbar med Landart

Over: Foto - Marion Heimseth, 3KDA

Gruppeprosjekt og foto: Til denne landart-oppgåva skulle gruppene utforme eit ornament. Elevane skulle ta utgangspunkt i urformene/grunnformene sirkel og spiral, og nytte naturmateriale dei fann på turen. I tillegg skulle dei fotograferer arbeidsprosessen, og dei ferdige arbeida - sett i frå ulike synsvinklar. Dette prosjektet knytte opp kompetansemål til programfag både på Medium og kommunikasjon og på Kunst, design og arkitektur. Her er bilete av nokre av dei flotte arbeida som gruppene utførte:

Fotocollage frå aktivitetsdagen for 3KDA og 3MKA, 2. oktober 2020. Bileta viser landart som elevane utførte på turen i nærområdet til Mo, under aktivitetsdagen.

Foto av spiral i stein: Oda Kleiven. Foto av stubbe med steinornament: Pernille Luecha Andersen. Foto av lauv i spiral (breidde): Mirela Zovko. Utsnitt av spiral med lauv: Otilie Endestad Haaland. 

Vi håper at elevane i 3MKA og 3KDA hadde ein lærerrik, hyggeleg og inspirerande aktivitetsdag!

Med beste helsing Marit Vie (med ansvar for kroppsøving i 3KMA), og kontaktlærarane Dag Erik Solnørdal (MK), Wenche Steinsvik og Mona Fossdal (KDA).