Hafstad vgs profilbilete FB2

Invitasjon til foreldremøte ved Hafstad vgs

Tidspunkt: VG1 15. september kl. 18.00, og Vg2 16. september kl. 18.00. Sjå meir informasjon her angåande oppmøtestad/rom, coronatiltak og innhald for kvelden. Velkommen!

INNKALLING TIL FORELDREMØTE PÅ HAFSTAD VIDAREGÅANDE SKULE

På grunn av Covid-19 og hygienetiltak i samband med dette, kan berre ein av dei føresette til eleven møte.

Tidspunkt og rom::

Elevar som går 1.året (vg1) onsdag 15.september kl.18.00

  • 1STA            - rom :  D101
  • 1STB            - rom:   D103
  • 1STC            - rom:   D104
  • 1STD            - rom:   D201
  • 1STE            - rom:   D109
  • 1KDA/MK     - rom:  D145

 

Elevar som går 2.året (vg2) torsdag 16.september kl. 18.00

  • 2STA            - rom:   D203
  • 2STB            - rom:   D204
  • 2STC            - rom:   D209
  • 2STD            - rom:   D245
  • 2KDA/MK     - rom:   C111

Kontaktlærar vil informere om aktuelle ting i skulekvardagen som t.d. klassemiljø, trivsel, koronatiltak i skulen, vurdering, VIS (Visma InSchool) og foreldretilgang, bruk av Teams m.m.

Rådgivarane vil informere om fagval vidare, studiekompetanse, tilleggspoeng,  m.m.

Det blir truleg også informasjon frå Utekontakt i Sunnfjord kommune og politi.

I desember blir det halde eit foreldremøte, der det blir høve til samtalar med kontaktlærarar, faglærarar, rådgjevar og skuleleiing. Føresette som ønskjer å samtale med nokon av desse før dette møtet, er hjartelege velkomne til å ta kontakt.