Hafstad vidaregåande skule
JUL 3kda pepperkakelandsby

Juleavslutninga ved Hafstad vgs

På Juleavslutninga blei det kåra vinnarar av både "beste kostyme", og for "det best julepynta klasserommet". Her kan du sjå foto frå juleavslutninga, og av vinnarbidraga. Vi vil også få ønskje alle elevar og tilsette på Hafstad vgs ei riktig God Jul, og eit godt nytt år!

I år var juryen særs imponert over det høge nivået på dei juledekorerte klasseromma. Det blei kåra to vinnarar, både klasse 3STB og klasse 3KDA! 3STB hadde blant anna julekuler med portrettbilete av lærarane, og 3KDA hadde ein eigen peis i klasserommet, berre for å nemne nokre av dei kreative ideane.. Her kan du sjå foto frå dei flotte klasseromma:

01 3STB beste klasserom.jpg

Over: 3STB: Foto: Silja Juklestad og Ane Birkeland

01B 3STB juletrepynt.jpg

Over: 3STB: Foto: Silja Juklestad

02 3KDA collage x.jpg

Over: 3KDA: Foto: Mona Fossdal

Det blei også kåra vinnarar av beste kostyme. Også her fekk juryen ein stri jobb med å plukke ut vinnarar, da både elevar og tilsette hadde lagt ned mykje kreativitet og omhu i kostyma. Til sist landa juryen på følgjande:

1. plass for beste kostyme gjekk til 2STB - 2, med Alice in Wonderland-kostyme. Premien var eit gåvekort på 600 kr. til Peppes Pizza.

2. plass for beste kostyme gjekk til 3STC - 2, med Fjøstema. Premien var ein gratis lunsj i kantina.

3. plass for beste kostyme gjekk til 3STB - 3 - 2, med "kjønnsrollebyte-tema". Premien var godteri.

Prisen for "dei beste fjøsnissane" gjekk til 3STC - 3. Premien var ein gratis lunsj i kantina.

01 1plass Alice in Wonderland, 2STB 2.jpg

Over: 1. plass for beste kostyme gjekk til 2STB - 2, med Alice in Wonderland-kostyme. Foto - Mona Fossdal

02 2plass 3STC 2, Bondegard, foto Karoline Vie.jpg

Over: 2. plass for beste kostyme gjekk til 3STC - 2, med Fjøstema. Foto - Karoline Vie

03 Fjøsnisser3STC 3.jpg

Over: Prisen for "dei beste fjøsnissane" vann 3STC - 3. Foto - Mona Fossdal

04 Fjøsnisser3STC 3.jpg

Over: "Dei beste fjøsnissane" . 3STC - 3. Foto - Mona Fossdal

Under: Her er også bilete av nokre av dei andre flotte kostyma som blei observert:

05 utkledte klassar, elevar og lærarar.jpg

Under: Det blei også delt ut kalendergåve, til heldige vinnarar. Her kan vi sjå to av bileta - fotografert av Håkon Tveranger i 3mka, som var kalendergåver:

06 Bilete av Håkon.jpg