Hafstad vidaregåande skule
Leah, skuleårbokdesign

Leah Marie Flokenes frå 3KDA designa årets skuleårbok-omslag!

Det dekorative og flotte omslaget til Hafstad vgs si skuleårbok er blitt designa av Leah Marie frå 3KDA. Klassen jobba med oppgåva i faget kunst og visuelle verkemiddel.

Tekst og foto: Mona Fossdal

Illustrasjon og grafisk design:  Oppgåva i faget kunst og visuelle verkemiddel gjekk ut  på å lage illustrasjonar ved å bygge tredimensjonale modellar i papp/papir, i ein stil inspirert av kunstnarane Asya Kozina og Su Blackwell. Modellane/illustrasjonane skulle symbolisere- og få fram assosiasjonar til Hafstad vgs. Deretter skulle elevane bearbeide foto av modellane i Adobe Photoshop, og til sist designe eit bokomslag i programmet Adobe Indesign. Leah Marie Flokenes sitt flotte design blei til sist velt ut!

Kan du fortelje litt om motiva i modellen din, og kvifor du valde desse?
-Eg har laga ulike motiv som representerer dei ulike linjene på Hafstad Vgs. Linja media blir vist med ein mikrofon, studiespesialisering blir vist med bøker og kalkulator og kunst design og arktitektur blir vist med malepalett og pensler. Eg valde desse motiva fordi vi skulle lage eit bokomslag som skulle beskrive skulen vår. 
 
Korleis var arbeidsprosessen din frå det første idestadiet fram til det ferdige årbokdesignet? 
-Eg starta med å skisse ulike idear, der eg kom fram til det som til slutt vart det ferdige resultatet. Etter det prøvde eg litt ut med å lage ulike motiv i papir og papp, berre for å teste korleis det vart. Eg klippa og lima saman papp, også papir med tekst på for å lage litt variasjon i bokomslaget. Etter alt var plassert og limt ferdig, tok eg bilete av sluttproduktet, som eg videre redigerte i Photoshop.
 
Leah og 3KDA, skuleårbokdesign.jpg
 
Over: Til venstre - bilete av tredimensjonale modellar, laga av elevar i 3KDA. Til høgre: Det ferdige årbokomslaget av Leah Marie Flokenes.