Hafstad vidaregåande skule
00001 Halloween hausten 2021

Markering av Halloween ved Hafstad vgs

Fredag 29. oktober blei Halloween markert ved Hafstad vgs. Om morgonen kom elevane til ein halloweenpynta skulebygning, dekorert med blant anna gresskar, skjelett og flaggermus. Her fekk dei servert kakao før dei gjekk til undervisninga. Seinare på dagen blei det utdeling av premiar for beste halloweenkostyme. Her kan du sjå bilete av fleire av dei flotte kostyma.

01 Halloween.jpg

Over: Mattelærar utkledt som PI-rat, og resten av elevane i klassen utkledt som mattelærar. Foto frå Halloween ved Hafstad vgs, fredag 29. oktober.

02 Halloween.jpg

Over: Foto frå Halloween ved Hafstad vgs, fredag 29. oktober. Stor breidde i idear og i val av kostyme. Særs mykje artig å sjå!

03 Halloween.jpg

Over: Foto frå Halloween ved Hafstad vgs, fredag 29. oktober. Elevane synte stor kreativitet med kostyma.

04 Halloween.jpg

Over: Foto frå Halloween ved Hafstad vgs, fredag 29. oktober. Her ser vi alt frå raudhette, Jokeren, brannmann/dame, skjelettmonster - til sliten lærar.

05 Halloween.jpg

Over: Foto frå Halloween ved Hafstad vgs, fredag 29. oktober. Servering av kakao på bilete oppe til høgre. Miljøkoordinator Ane Birkeland på fotoet nedst til venstre.