Hafstad vidaregåande skule
Håkon Tveranger

Medieelev med utstilling av bilete og grafiske trykk

Håkon Tveranger frå vg3 på medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs, skal i dag ha si første offisielle utstilling! Tveranger stiller ut bilete og grafiske trykk på biblioteket på Hafstad vgs. Salsutstillinga blir open i dag, torsdag 12. desember frå kl. 16.00 – 20.00.


Tekst og foto: Mona Fossdal

I forbindelse med utstillinga, stilte vi Tveranger nokre spørsmål.

Korleis kom du på ideen til å lage ei utstilling?

- I haust jobba eg med eit fotoprosjekt i mediespesialiseringsfaget. Dette er eit av dei valfrie programfaga på medium og kommunikasjon. I november stilte eg ut dette fotoprosjetet på biblioteket på Hafstad vgs. Derifrå kom ideen til å lage ei større, offisiell utstilling av eigne foto og grafiske trykk.

02 Foto frå utstillinga, FUGL og KULE x2.jpg

Over: Håkon Tveranger sine bilete, frå utstillinga på Hafstad vgs, 12. desember 2019

 

Kva kan du fortelje om stil, tema og motiv i bileta dine?

-Eg jobbar hovudsakleg med lys og skuggeverknadar i bileta.

Det er ein raud trå med naturtema i bileta til Tveranger. Ein kan mellom anna finne landskapsmotiv frå Sunnfjord, spor i naturen, silhuett av fugl, og nærbilete av is og frost. Bileta er digitalt bearbeidde, og i til dømes motivet med fotspor – ser ein at bilete har fått abstrakte kvalitetar.

03 Foto frå utstillinga XX2.jpg

Over: Håkon Tveranger sine bilete, frå utstillinga på Hafstad vgs, 12. desember 2019

 

Har du alltid vore interessert i å fotografere, eller har denne interessa komme etter at du byrja på medium og kommunikasjon?

-Eg har alltid hatt interesse for foto, og er spesielt opptatt av klassiske svart/kvitt-fotografi. Eigne foto som eg tek, legg eg ut både på Facebook og Instagram, og har etter kvart fått mange følgjarar. I utgangspunktet gjekk eg i lære som kokk. Etter læretida blei eg arbeidsledig, og valte difor å omskolere meg til fotograf. Dette var årsaka til at eg byrja på medium og kommunikasjon. Eg ser elles føre meg å ta vidare utdanning innan fotograffaget etter vidaregåande skule. Norsk fotofagskule i Trondheim kan vere ein aktuell skule.

Tveranger ser heller ikkje bort frå at han kan kombinere dei to faginteressene sine med kokkefag og foto på sikt. Det er behov for gode foto av mat, til dei mange kokebøkene som blir utgitt, fortel Tveranger.

Vi ønskjer Håkon Tveranger til lukke med si første offisielle utstilling!

 

Inngangen til glasgården ved biblioteket finn du til venstre, parkering til høgre:

04 Inngang til utstilling x.jpg