Hafstad vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Miljøkoordinator
Miljøskapande tiltak for elevane. Foto: Hafstad vgs

Miljøskapande tiltak for elevane. Foto: Hafstad vgs

Miljøkoordinator ved Hafstad vgs

Miljøkoordinatoren på Hafstad vidaregåande skule heiter Ane Birkeland. Som tittelen tilseier skal miljøkoordinatoren si hovudoppgåve vere miljøet på skulen, at elevane våre trivst og at det er hyggeleg og ryddig rundt oss.  

Arbeidsoppgåvene for miljøkoordinatoren er :
* Kontaktperson for elevråd og russestyre
* Bli Kjent opplegg for vg1 
* Diverse arrangement for elevar

Miljøkordinator - Ane Birkeland - Foto - Amalie Larsen Ovrid 02.jpg

Over: Ane Birkeland, miljøkoordinator ved Hafstad vgs. Foto: Amalie Larsen Ovrid

Ane har open dør dersom du lurer på noko, eller treng å snakka med nokon. Dersom nokon har lyst på besøk på hybelen er det berre å ta kontakt.

Miljøkoordinatorstillinga er 50%, så Ane er på skulen 4 dagar i veka, 
måndag - torsdag 08.30 - 14.00

Bordtennis ved Hafstad vgs av Jim Steven T Igland.jpg

Over: Elevar ved Hafstad vgs som spelar bordtennis i glasgården. Foto: Jim Steven T. Igland
 
Miljøpris ved Hafstad vidaregåande skule
Prisen vert delt ut i slutten av skuleåret (kr 2500).

Den vert delt ut til den klassen som har synt best miljøprofil (både med omsyn til orden og det sosiale).

Vinnaren vert kåra av eit utval av to representantar frå elevrådet, ein frå lærarane, to frå andre tilsette og ein frå skuleleiinga.

Kvar klasse får ansvaret for og tilsyn med miljøet i ei veke om gongen etter oppsett plan.

Klassen skal mellom anna:

Registrere kva forbetringar klassen meiner bør gjennomførast med omsyn til både sosialt og fysisk miljø.

  • Rapportere til klassestyrar kva som kan gjerast frå skulen si side for å betre miljøet.
  • Ta opp med medelevar og/eller elevråd kva som kan gjerast frå elevane si side for å betre miljøet.
  • Diskutere skulemiljøet i klassa og finne fram til ordningar og tiltak for å skape best mogeleg læringsmiljø og trivsel.

Jfr. Hafstad vidaregåande skule si målsetting og Handlingsplan for trivsel og godt læringsmiljø.

Ved vurderinga vert det lagt vekt på:

  • Orden i klasserom, fellesrom og uteplass
  • At klassen kjem med små overraskingar som kan auke trivselen hos alle som har arbeidsplassen sin på Hafstad. (t.d sang/musikkinnslag, utkledningspåfunn, danseopptrinn, konkurransar, leikar etc., etc., etc.).

Vi håpar at elevane vil ta aktivt del for å gjera miljøet på skulen endå betre. Det krev relativt liten innsats frå den enkelte, men har stor verdi for mange.

Lukke til!

NB: Sjå også informasjon på sida Skulemiljø, der du bla. finn handlingsplan for folkehelse og for Trivsel og eit trygt og godt læringsmiljø

   

Kontakt

Ane svhv.jpg

Ane Østby Birkeland

Miljøkoordinator

ane.birkeland@sfj.no

57 63 75 57

Måndag til torsdag, 8.30 - 14.00

Relaterte lenker

Elevane sitt skulemiljø

Kap. 9a i opplæringslova

Udir.no "Nullmobbing"

Nytt regelverk (hausten 2017): Nulltoleranse mot mobbing

Dokument

Oversikt over klassar med ansvar for miljøvekene 2019-2020