3KDA tok over Sogn og Fjordane kunstmuseum!

Foto frå opninga.jpg

Laurdag 19. november opna vg3-klassen på Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs utstillinga «Eg e den eg e». Utstillinga er planlagt og organisert i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum, med god hjelp og rettleiing frå museumsleiar Mayra Henriquez og museumspedagog Kathrine H.S. Skarsholt.

Utstillinga som er ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum vil vere open fram til 27. november. Elevane i 3KDA har vore kuratorar for utstillinga, og har hatt ansvar for både val av tema, tittel, marknadsføring, budsjett og for sjølve opninga av utstillinga. Frå Hafstad vgs har lærar i foto og grafikk, og kunsthistorie - Silja Juklestad – hatt hovudansvaret for samarbeidsprosjektet. Silja fortel følgjande:

I år er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg. Før det kunne ein risikere straff og fengsel for å elske nokon av same kjønn. Sjølv om lova mot homofili vart fjerna i 1972, er den sosiale straffa framleis til stades i det norske samfunnet, i familiar, og i kritiske blikk på gata. Seinast i sommar mista to menneske livet etter skyting på London pub i Oslo. Drepne på grunn av kven dei føler kjærleik for.

Denne hausten har kunstklassen 3KDA ved Hafstad vgs markert Skeivt kulturår med eigne gatekunst-motiv, skeiv kunst gjennom kunsthistoria, og med eit kritisk blikk på media sine framstillingar av homofile og andre som ikkje passar inn i samfunnet sine forventningar.

Tusen takk for invitasjonen og samarbeidet Sogn og Fjordane KunstmuseumSkeiv Ungdom og Pride i Sogn og Fjordane, og stor applaus til elevane i 3KDA ved Hafstad vidaregåande skule. Dei har gjort ein kjempejobb!

imagerlzo.png

Over: Introduksjon til utstillinga ved Thea Kristine Bruvik Krakhellen frå 3KDA og museumspedagog Kathrine H.S. Skarsholt. 

image0g0r.png

Over: Kontaktlærar Silja Juklestad blei overrekt blome frå 3KDA, og elevane fekk blomar frå Skarsholt. Sander Solheim Klakegg las opp dikt, og det var musikalske innslag ved Sverre Storøy og Elliot Haukås. Leif Jarle Espedal, varaordførar i Fjaler kommune og nestleiar i SoFjoPride held tale. På det nedste bilete ser vi Aina Elise Indrebø Gloppholm frå 3KDA, som fortel om kunstverka. Foto: Mona Fossdal

image800b4.png

Over: Gatekunst utført av 3KDA. Fag: Foto og grafikk, med faglærar Silja Juklestad. Arbeida blei nyleg dekka med plast, og blei plasserte rundt på ulike stadar i Førde. Folk blei oppfordra til å teikne og skrive på arbeida for å få eit innblikk i lokalbefolkninga i Sunnfjord sine haldningar til temaet. Johannes Kråkenes avduka elevarbeida. 

imageemyb.png

Over: Elevane i 3KDA med fleire: Fremst frå venstre: Aina Elise I. Gloppholm, Cathrine H.S. Skarsholt, Sander Klakegg, Jone Hovland Vigdal, Mayra Henriquez, Sonja Martine Helle, og Elise Eikefjord Hatlem. Bak frå venstre: Johannes Kråkenes, Thea Kristine B. Krakhellen og Miriam Sandvik Heimtun. Også med i prosjektet; Camilla Reksten Sundal og Natnael Tsehaie Ogbazion. Foto: Mona Fossdal

image5jd2g.png

Over: Ein regnbogefarga Piñata fylt med godteri: Museumsleiar Mayra Henriquez starta med å slå på Piñataen, deretter gjekk stokken på omgang. 

imagezhpii.png

Over: Noko av det du kan sjå på utstillinga: Arbeida på bilete nedst til venstre: Lin Wang, portrettet er laga av Lars Korff Lofthus, og arbeidet nedst til høgre av Lars Kristian Tatjana Gulbrandsen. 

imageqlfls.png

Over: Elevar frå 3KDA under førebuingsarbeid til utstillinga. Foto: Mona Fossdal