Førebyggande dag for avgangselevane ved Hafstad vgs og MOY

01 headerfoto.jpg

Onsdag 30. mars blei det gjennomført ein førebyggande dag for avgangselevane ved Hafstad vgs og MOY. Dagen blei arrangert i samarbeid med SLT i Sunnfjord kommune.

Arrangementet blei opna med russestyret, med Mathias Bøyum og Tuva Viken. Deretter blei det informert om Moskog og Hafstadparken ved teknisk drift – med Ledvin Solvik/Leif Einar Kårstad, og med foreldrerepresentant – Geir Vindheim.

Vidare på programmet fekk avgangselevane med seg ein god del meir viktig informasjon. Først frå politiet ved Odd Helge Vågseth og Dag Fiske, og deretter frå NOK og overgrepsmottaket FFS ved Trude Lundekvam og Celine Damer. Det blei også ei økt med informasjon frå helsesjukepleiarane Anita Løkkebø og Jorunn Eldegard, og frå Trygg trafikk.

Avslutningsvis snakka rektorane ved MOY og Hafstad vgs: Liv Horvei og Nina Bygstad, om skulekvardagen og om russetida.

Foto: Ane Birkeland

imagew1xmm.png