Hafstad-elev nr. 2 i den norske finalen i Fysikk-OL!

Foto - fysikkolympiaden (utsnitt blått).jpg

Fysikk-OL 2021-22: Andrzej Mielnik frå Hafstad vgs vart nr. 2 i den norske finalen i Fysikk-OL i slutten av mars. Han kunne dermed normalt vore ein av dei fem elevane som kvart år vert sendt til den internasjonale Fysikkolympiade-finalen. Men sidan den i år går i Kviterussland, deltek ikkje Norge der.

imageld6aq.png

Over: Dei fem vinnarane av fysikkolympiaden 2022. Foto er henta frå nettsida til UIO, det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Den norske Fysikkolympiaden vert arrangert kvart år med to rundar før finalen. Målet er å stimulere elevar med interesse for realfag til å fortsetje arbeidet med faga. Det vert lagt stor vekt på verdien av fagleg og sosialt samvær med jamnaldrande frå mange land

Andrzej har dermed dette skuleåret prestert svært godt i både Kjemi-OL og Fysikk-OL!

Vi gratulerer så mykje til Andrzej og lærarane hans!

Tekst: Jan Tønder Taule

På nettsida til UIO: det matematisk-naturvitenskapelige fakultet kan du lese meir om fysikkolympiaden og om vinnarane.