Hafstadgutane vann NM for vgs 2022 i volleyball

NM i volleyball - headerfoto .jpg

Tittelforsvararar frå 2020 - gutelaget frå Hafstad vgs - vann NM i volleyball også våren 2022!

Tekst og foto: Tan Tønder Taule

I helga 22.-24. april var Hafstad vgs sine jenter og gutar i Oslo og spelte NM for vgs i volleyball. Sidan det ikkje vart noko MVGS i fjor pga. koronaen, var gutane tittelforsvarar frå 2020. Gutane vann alle kampane fram til og med kvartfinalen med klar margin (2 sett i alle kampane). Semifinalen mot Framnes gjekk også greitt med 2-0 siger (25-12, 25-19). Finale mot Tertnes vgs er alltid spennande. Men her også vann gutane begge setta (25-20, 25-22). Seks kampar og siger 2-0 i alle setta er solid! Dermed vann Hafstad-gutane NMVGS i volleyball også i 2022!

imageup2e8.png

Over: Rektor Nina Bygstad held tale for gutelaget frå Hafstad vgs, som blei vinnarane av NM 2022 i volleyball

imagekqpzb.png

Over: Gutelaget frå Hafstad vgs, og vinnarane av NM 2022 i volleyball

Desse vann NM for vgs 2022: Ole Bjørvik, Per Heine Sande, Torstein Nydal, Kristian Undheim, Nikolai Storøy, Aron Hjelle, Emil Walstad, Elias Vie og Bendik Bøe.

God innsats av jentene også, som kom på 6.plass (av 12 lag) etter 0-2 mot Horten vgs i plasseringskampen om 5.-6.plass. I innleiande kampar vart dei nr. 2, etter to sigrar og eitt tap. Jentene spelte mot begge finale-laga, Grong (innleiande) og NTG Tromsø(kvartfinale). I kvartfinalen tapte jentene knipent begge setta (21-25, 20-25) mot vinnarlaget NTG Tromsø.

Vi gratulerer begge laga, støtteapparatet og trenaren deira, Branislav Djuric.

imaget6oot.png

Over: Jentelaget frå Hafstad vgs gjorde også ein solid innsats