Halloween vart til studietur for medieelevane

2MKA HEADERFOTO skuletur 31 okt.jpg

På siste dagen i oktober reiste 2mka på Hafstad vgs til Bergen for å filme eit filmprosjekt for fylkeskommunen. For å utnytte turen brukte elevane føremiddagen til å besøke Sbanken og Aksell sitt trykkeri.

Tekst: Ole Johnny Devik

Det var medielærar Ole Johnny Devik som var sjåfør på minibussen, og som hadde ordna med avtaler i Bergen for å gi litt breidde i faginnhald. Etter ein tur i minibussen frå Førde til Begen gjekk turen til Fyllingsdalen. Der tok den tidlegare medieeleven Sandra Valvik i mot elevane og viste dei rundt på Sbanken sine lokale. Valvik er ansvarleg for sosiale medium hos Sbanken. Valvik har m.a. tatt marknadsføringfag på BI og har studert filmproduksjon ved Universtitet i Bergen.

Elevane fekk kvar sin parably for å verne seg mot Bergensvêret, og ein gjennomgang av Sbanken sine måter å kommunisere mot målgruppa si. Det vart vist tidlegare kampanjer, og det blei opna opp for å spørje om arbeidsoppgåver, studium og erfaring frå marknadsføringsarbeid.

Etterpå gjekk turen til Straume vest for Bergen, der tidlegare Bodoni trykkeri, no Aksell etter ein større samanslåing - har sine lokale. Der fekk elevane sjå alt frå papir og pantonefaner til trykkmaskineri.

imagegqf39.png

Over: Foto Ole Johnny Devik

Produksjonsleiar Tore Eikefet viste elevane rundt på dei ulike avdelingane og demonstrerte skjeremaskiner, magasintrykk, falsing og plastring. Alt det som ein ikkje finn på mindre trykkeri.

For elevane var dette det første møtet med den fysiske og taktile prosessen som kjem etter at dei har laga ferdig design på dataskjermen. Det var og ein fin kontrast til Sbanken sin bruk av sosiale medium.

Etter dette gjekk turen til eit lite Halloween-arrangement som elevane skulle filme. Elevane hadde med seg filmkamera og lydutstyr, og kjempa ein hektisk kamp mot vintermørket, då dei måtte filme utandørs utanfor sentrale strok. Viet og Ingrid i 2mka hadde frå før filma i dette prosjektet, så dei fekk mesteparten av arbeidet med å samle intervjuobjekt og sikre seg innklippsbilete.

Ikkje heilt uventa så forsvann lyset etter ei stund, og elevane måtte ta det siste intervjuet under ein lyktestolpe. Det gjeld å finne løysingar. Og det var god stemning på opptaksstaden. Sjølv om nokon syns det var langt å reise for å filme.

Elevane var heime i Førde på kvelden etter å ha stoppa innom Åsane for å kjøpe med seg lunsj og ta litt nødshopping. Tunnelarbeid og kolonnekøyring sette ein ekstra piff på heimturen.

Om alle var einig i at det var ein flott tur er uvisst, men nokon meinte det var den beste dagen på Hafstad så langt – og andre meinte at det å ha fri mellom avtalane var eit høgdepunkt. Men nokon kom i alle fall heim med notater i boka si om Sandra Valvik sine forslag til studium og korleis ein skal skaffe seg jobbar høgt oppe i mediesystemet – gjennom pågangsmot og innsats.

I det heile ein fin tur, og ein lang skuledag.