Informasjon frå foreldremøte 15. august

Hafstad vgs

Hadde du ikkje moglegheit til å delta på foreldremøte måndag 15. august? Her finn du informasjon frå foreldremøte.

 

  1. Fråværsgrense i vidaregåande opplæring

Ein elev kan berre ha 10% ikkje-dokumentert fråvær i det enkelte fag.

Sjå linken til heimesida der ein finn fråværsreglementet, prosedyre for melding av fråvær, samt kontaktprosedyre ved legekontor når ein har behov for dokumentasjon ved sjukdomsrelatert fråvær. Eleven og foreldre (elevar under 18år) får varsel når eleven har 5% ikkje-dokumentert fråvær i eitt fag.

  1. Foreldresamarbeid /tilgang/innsyn VIS (Visma in School, det skuleadministrative systemet vi nyttar i Vestland fylkeskommune)

Om foreldretilgang: Som ein konsekvens av den nye personvernordninga som kom i 2018 har foreldre, i utgangspunktet,  redusert tilgang på detaljerte opplysingar omkring deleven sin skulekvardag. Dette for å ivareta eleven sitt personvern og retten til eit privatliv. Av denne grunn får foreldre berre opp timeplanen til eleven når de loggar inn i VIS.

 Foreldre har rett til informasjon og samtale om (forskrift til oppll.§20-4 omhandlar):

  • korleis eleven arbeider dagleg,
  • eleven sin kompetanse i faga,
  • informasjon om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven.
  • gjennom dialog skal ein klargjere korleis eleven, skulen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven

Både karakterar, fråvær og merknader kan være naturlig å ta opp i foreldresamtaler utan å gå i detalj på karakter på enkeltprøvar, detaljar om konkrete fråværstimar og detaljar om merknadar.

  1. Retten til eit trygt og godt skulemiljø

Rektor informerte om skule si aktivitetsplikt, om elevar/foreldre sin rett til å melde direkte til statsforvaltaren dersom ein føler at skulen ikkje gjer ein godt nok jobb i ei konkret trivsel-/ mobbesak.  På Utdanningsdirektoratet si nettside kan ein finne informasjon.

Miljøkoordinator Ane informerte om sitt arbeid med elevane. Her finn de informasjon.

  1. Matematikktilbodet

Dette skuleåret må elevane velje om dei skal ha den teoretiske eller den praktiske matematikken. Til neste skuleår skal dei velje om dei avslutte med 2 P( praktisk matte) eller om dei vil fordjupe seg med R1 (realfagmatte) eller S1 (samfunnsfagleg matte).

  1. Informasjon v/ helsesjukepleiar Jorunn Eldegard- sjå presentasjonen her
  2. Informasjon v/ utekontakt Tove Nedrebø og politi Odd Helge Vågseth - sjå presentasjonen her