Elevar i 2KDA-klassen fekk dette skuleåret førespurnad frå Sunde skule om å dekorere to veggar i det nye skulebygget. Veggane var i to korridorar der barna i småskulen ferdast.
Ved Sunde skule ynskte dei motiv og tema som viste humør, glede, samhandling, leik, fargar og det å vere på same lag.
Målet for undervisninga i VG2-klassen på Kunst, design og arkitektur var at elevane skulle gjennomføre og dokumentere ein kunstnarisk prosess og grunngje eigne tankar, idear og val undervegs. Teknikk: Maling med pensel, bruk av sjablong, taggetusj og spraymaling.
Elevane jobba med prosjektet i faga Kunst og visuelle verkemiddel, og Kunst og skapande arbeid. Faglærarar: Karoline Vie og Wenche Steinsvik (som også står for fotoa i artikkelen). Dei flotte veggmaleria blei ferdige like før sommaravslutninga. Vi gratulerer både dei dyktige elevane og lærarane for eit imponerande og flott utført arbeid!
Over: Prosjekt Sunde skule, KDA-linja i Førde

Over: Prosjekt Sunde skule, KDA-linja i Førde. Bilete/tekst til høgre er henta frå ei sak i Firda (Foto: Ivar Bruvik Saetre)