Velkommen til russerevy!

Russerevy headerfoto1.jpg

«Ei reise med covid 03». Russen på Hafstad ønskjer velkommen til REVY, 5. og 6. april!

Det nærmar seg slutten av enda eit skuleår, og eit nytt kull er klare for å leggje bak seg 13 år med skulegong. Vi er klare for å lage eigne stiar, gå oss vill og leite etter svar. Likevel vil vi alltid komme tilbake til minnene frå Hafstad.

Vi er dei første til å oppleve tre år på VGS utan fysisk oppmøte. Det har vore ei berg og dalbane med latter, angst, for mykje familie og for lite vennar. Digital undervisning har vore til stor latter for oss, og ein enda større frustrasjon for lærarane. Vi har saman klart oss gjennom ei heilt uverkeleg tid. Vi har falle ned og sakte, men sikkert klatra oss opp igjen. Vi har saman delt glede og sorg. Og no har vi saman laga ein revy til stor glede for dykk, men til enda større glede for oss!

Helsing avgangselevane, russen og det sterkaste kullet Hafstad har sett!

image23i74.png