Velkommen til Sogn og Fjordane Kunstmuseum 19. november kl. 18.30!

KDA utstilling.jpg

Velkommen til Sogn og Fjordane Kunstmuseum laurdag 19. november kl. 18.30-20.00!

Det er takeover der elevane ved 3. året på Kunst, design og arkitektur på Hafstad vgs tek kontrollen frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum! Vi opnar ei utstilling på vår eigen måte! I år feirar vi at det er 50 år sidan det blei lovleg å vere homo i Noreg. Velkommen til utstillinga!

KDA utstilling 2.jpg

Elevane i 3KDA har jobba med utstillingsprosjektet i faga Foto og grafikk, Kunst og visuelle verkemiddel, Design og arkitektur og i Design og berekraft (med Silja Juklestad, Dag Erik Solnørdal, Karoline Vie, Svein Myklebust og Mona Fossdal). Silja Juklestad har vore hovudansvarleg - og koordinator for prosjektet frå Hafstad vgs.  Frå Kunstmuseet har vi samarbeidd med Kathrine Helene Skarsholt og Mayra Henriques.

Foto 3KDA, arbeid med utstilling.jpg

Over: VG3-klassen på KDA ved Hafstad vgs jobbar med førebuing til utstillinga. Foto: Mona Fossdal