Vi ber alle om å halde seg oppdatert på informasjon om smittesituasjonen
26. januar 2021På bakgrunn av smittesituasjonen i Sunnfjord kommune ber vi alle om å halde seg oppdatert på informasjon på heimesida til Sunnfjord Kommune https://sunnfjord.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/koronavirus-i-sunnfjord-kommune/siste-nytt-om-koronasituasjonen
Informasjon til foreldre og elevar i 10.klasse
25. januar 2021Som førebuing til søknad for overgang til vidaregåande opplæring vil vi, på grunn av Covid-19, i år tilby DIGITALE PRESENTASJONAR om våre utdanningsprogram. Desse finn de link til nedst i teksten. Hafstad vgs tilbyr studieførebuande utdanningsprogram. Det inneber at ein etter dei tre åra her hos oss, må gå vidare på høgskule eller universitet for å få ei ferdig utdanning. Vi tilbyr desse tre studieførebuande utdanningsprogramma (klikk på linkane under for å opne presentasjonane):
Informasjon til føresette og ungdommar om ungdataundersøkinga i Sunnfjord kommune 2021
19. januar 2021I 2021 blir ungdataundersøkinga gjennomført i Sunnfjord kommune blant elevar i den vidaregåande skulen. For at undersøkinga skal gje eit godt bilete av situasjonen i Sunnfjord kommune, er det viktig at så mange som mogleg deltek. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 5 til 7.
Oversikt over oppmøtedagar på skulen, og heimeundervisning veke 1-2
06. januar 2021På grunn av smittevernsreglar, blir det frammøte på skulen og heimeundervisning ulike vekedagar i perioden veke 1-2. Klikk på tittelen, for å få opp ei oversikt over når din klasse skal ha oppmøtedagar på skulen, eller ha heimeundervisning.
God Jul!
22. desember 2020Vi ønskjer alle våre elevar og tilsette ved Hafstad vgs ei riktig God Jul! Velkommen tilbake på skulen måndag 4. januar.
Coronaviruset, og tiltak som er iverksett av Sunnfjord kommune
18. november 2020På Sunnfjord kommune si nettside kan du finne viktig informasjon om tiltak som er iverksett av kommunen, knytt til handteringa av corona. (Klikk på tittelen for å få opp meir informasjon og gode råd, og ei lenkje til nettsida deira)
Hugs å søke om stipend
11. november 2020Søk innan 15. november dersom du vil ha stipend frå Lånekassen for haustsemesteret 2020. Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring har rett til utstyrsstipend. Du får stipendet uavhengig av kor mykje foreldra dine tener, men du må søke for å få det. Har du allereie fått stipend, treng du ikkje å søke på nytt. (Trykk på tittelen for å få opp informasjon)
Utdanningsval på Hafstad vgs måndag 26. oktober
01. november 2020Her kan du sjå bilete frå opplegget under utdanningsval på Kunst, design og arkitektur og Medium og kommunikasjon, hausten 2020. (Klikk på tittelen for å få fram bilete og informasjon)
Halloween på Hafstad vgs
31. oktober 202030. oktober 2020, med markering av Halloween på Hafstad vgs. Dagen starta med at rektor Nina Bygstad og miljøkoordinator Ane Birkeland serverte kakao til elevar og tilsette. Deretter kunne ein observere mange skumle skikkelsar, luskande rundt i krikar og krokar på skulen. Sidan blei det kåra vinnarar av beste kostyme! Her kan du sjå bilete frå dagen :)
Utdanningsval ved Hafstad vgs måndag 26. oktober
16. oktober 2020Velkommen til utdanningsval på programområde for Kunst, design og arkitektur, og på Medium og kommunikasjon, ved Hafstad vgs, måndag 26. oktober. Trykk på tittelen her for å få opp program for dagen.