Det du treng å vite om Hafstad vgs

Hafstad vgs, sommarbilete

Ekspedisjon:

Ved Hafstad vidaregåande skule er ekspedisjonen open måndag - fredag kl. 08.00 - 15.30. I skranken møter du Jeanette, Vibeke og Margunn. Vi kan kontaktast på tlf: 57 63 75 00.

Kvar finn du oss

Skulens adresse er Hafstadvegen 49, 6800 Førde. I tillegg til hovudbygningen i Hafstadvegen er det også undervisningslokale i Førdehuset.

Tilsette ved skulen

Vi har rundt 70 tilsette på skulen vår. Rektor Nina Bygstad har vore tilsett sidan hausten 2016. 

Dette synes vi er viktig

Vi jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. Vi har sosiale møtearenaer på skulen som bibliotek og kantine, og du kan spele bordtennis i glasgården.

Skulen sin historie

Hafstad vidaregåande skule har tre røter. Den første rota stammar frå Førde private middelskule, som vart oppretta av framsynte folk i 1917 i «Solberg- huset», men som seinare vart klokkarbustad. Her kan du lese meir om skulens historie