Hopp til hovedinnhold

Historie

Frå hausten 2023 vart Hafstad vidaregåande skule og Mo og Øyrane vidaregåande skule slått saman til ein felles vidaregåande skule som har fått namnet Førde vidaregåande skule.

Kort historikk:

Mo: 

Mogarden er ein gamal gard. Dette syner dei gravfunn som gardsfullmektig Johan L. Hirsch fann på Storåkeren. Gravfunna inneheldt fleire steinsette graver med perler, beinnåler og leirkrukkebrot. Den skrivne soga om Mogarden tok først til omkring år 1350. Frå denne tida finn vi Mo nemnt i Bergens kalvskinn. Der står det at presten i Førde åtte 1 ½ laup i garden, og kapellet på Vie åtte 3 laup.

Etter år 1350 gjekk det heile 241 år utan at ein finn noko skrive om garden Mo. Denne tidsbolken fell saman med svartedauden som herja også i Førde. Mo har då truleg vorte øydegard.

Historia syner at tidene har skifta mykje når det gjeld drifta av garden etter år 1591. Skogen med sagbruket har heile tida vore sentral i drifta. I året 1667 vart alle gardane matrikulerte. Garden vart då taksert til å fø 24 naut og 3 hestar.

Folkelista for 1701 syner at husmenn var vanleg på Mogarden. Husmannsplassane låg i Teigen/Movik/Mofleteområdet. Søndag 20. November 1785 gjekk ein sterk storm over distriktet. Storparten av furutrea i Moskogen bles overende.

Den siste bonden som åtte Mo var Abraham Olsen. I 1857 selde han garden Mo til landbruksskulegard for Sogn og Fjordane Fylke. Det første 2-årige agronomkurset tok til i 1858 med Chr. Beer som den første styrar.

Oppstarten

I 1857 selde Abraham Olsen garden Mo til landbruksskulegard for Sogn og Fjordane Fylke. Det første 2-årige agronomkurset tok til i 1858 med Chr. Beer som den første styrar.
I 1861 vart det bygt ny driftsbygning. Denne vart først reven for å gje plass for det nye undervisningsbygget i 1977. Som skulebygning kjøpte fylkeskommunen i 1862 eit hus frå sjefsgarden Skaug i Sogn.

Ein av dei eldste skulane.
Mo, som andre landbruksskular, fekk store vanskar i 1860-70 åra, og fylkespolitikarane ville legge ned drifta av skulen. Berre Mo og Jønsberg "overlevde krisa", og desse to skulane er dei eldste landbruksskulane i landet som heldt fram på same staden som dei starta.

Personen Martin Luther Storm står sentralt i skulen si historie. Då fylket ville slutte med skuledrifta, pakta Storm skulegarden, og dreiv privat landbruksskule her på Mo frå 1873 til 1903.

Agronomlaget heidra Storm ved å gje skulen "Steintreet" som står i Motunet. Kunstnaren Nils Bruland har gjort eit framifrå arbeid ved å hogge dei ulike figurane inn i ei 11 tonn stor granittblokk.

Frå 2014 vart Mo slått saman med Øyrane til Mo og Øyrane vidaregåande skule

Øyrane

Øyrane vidaregåande skule var opprinneleg to skular, Førde yrkesskule og Førde husmorskule, som vart slege saman i 1992.

I 1935 starta Førde Metallfagskule opp, og dette var starten på Førde yrkesskule. Initiativtakar og rektor var Jørgen Neverdahl. Han hadde starta opp med mekanisk verkstad her i Førde og såg at det var trong for ei mekanisk utdanning også i Sogn og Fjordane. Jørgen Neverdahl var eigar av skulen i fram til 1950 då Førde kommune tok over drifta av skulen som fekk namnet Sogn og Fjordane Yrkesskule.
 
I 1961 vart det opna ny skule på Hafstadflata, og her var skulen fram til 1994, då dei flytta ned på den nye Øyrane vidaregåande skule. Då skulen kom inn i nye lokaler, vart det også etterkvart fleire linjer å velja mellom, og elevtalet fordobla seg dette året, frå 39 elevar i 1960 til 78 elevar året etter. gong. I byrjinga var Førde yrkesskule ein skule for gutane, men hausten 1965 vart det første "jentefaget " starta opp, nemleg kjole og draktsaum. Etterkvart vart det fleire klassar og linjer, og det kom også vidaregåande kurs i dei fleste faga, så då Førde yrkesskule feira 50 års jubileum hausten 1985, var det 28 klassar og 358 elevar på skulen.
 
Husmorskulen i Førde starta opp hausten 1947 i det som då var Sivertsen Hotell, og her var skulen fram til sommaren 1958. Det nye skulebygget var klart etter fleire års planlegging. Staden der skulen vart bygd var Klemmentkvia, ein teig under prestegarden. Til og med 1958 var det 21 elevar som fekk plass kvart halvår. Når den nye skulen vart teken i bruk auka elevtalet til 32, før det etter ei ombygging i 1966 vart plass til 8 elevar i tillegg. 10 år seinare vart elevtalet utvida til 48, dette var mogeleg fordi 8 av elevane budde heime.
 
Frå 1960 til 1969 hadde skulen ei spebarnsavdeling med plass til 6-7 born. Det kom elevar frå husmorskulen i Hafslo og Stryn for å få læra spedbarnsstell. I 1969 vart denne avdelinga lagt ned, det var ikkje nok born til å halda den i gong.
I 1992 var det omorganisering av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane, og då vart dei to skulane slege saman. Namnet var Førde yrkesskule til hausten 1994, då flytta skulen inn i nye lokaler, og det nye namnet vart Øyrane vidaregåande skule.
 
Kjelder:
Førde yrkesskule 50 år, 1986
Notat frå Maria Lothe, rektor ved Førde husmorskule 1960 – 1977, 27.01.1991

 

Hafstad vidaregåande skule

Hafstad vidaregåande skule har tre røter. Den første rota stammar frå Førde private middelskule, som vart oppretta av framsynte fok i 1917 i "Solberg-huset", men som seinare vart klokkarbustad. 

I 1928 vart det samanslåing med den nye framhaldsskulen, grunna vanskeleg økonomi og spørsmål om lokalisering. Det nye namnet vart Førde framhalds- og middelskule. I 1947 kom den nye lova om realskular, og departementet kravde at dei måtte skilje lag. Aukande folketal i Førde gjorde at det i 1959 stod ferdig eit eige bygg til framhaldsskulen og realskulen, og dette er i dag ein del av Førde Barneskule.

I 1970 vart Førde interkommunale realskule og gymnas oppretta. Realskulen vart avvikla og erstatta av Ungdomskulen i 1974, men det nyoppretta gymnaset levde vidare. I 1973 tok fylkeskommunen over drifta.

I samsvar med «Plan for utbygging av eit vidaregåande skuleverk i Sogn og Fjordane fylke», vedteken i 1972, skulle det byggast eit samla skulesenter i Førde. Mange ulike interesser gjorde seg gjeldande, og sidan utbygginga drog ut, flytta gymnaset inn i leigde lokale  på Kronborg i 1981.

Den andre rota til Hafstad Vgs. stammar frå Handelsskulen, som næringssamskipnaden tok initiativet til i 1965. Den fekk lokale i det vi i dag kjenner som Elvegården.

I 1993 vart Handelsskulen og Gymnaset slegne saman til Hafstad vidaregåande skule, lokalisert på to stader; Elvegården og Sanderplassen på Kronborg. Først i august 1999 kunne dei flytte saman i moderne og praktiske lokale på Hafstad. Dette var tomta der den gamle yrkesskulen låg, og der Tømmerdal først starta ein metallfagskule i 1930-åra.

Den tredje rota stammar frå Heimyrkesskulen i Jølster, som Kristian Eikås grunnla i 1945. Heimyrkesskulen vart til Jølster vidaregåande skule då fylkeskommunen tok  over drifta i 1970.

1992 vart skulen slått saman med Mo Jordbruksskule og vart avdeling Jølster i Mo og Jølster vidaregåande skule.  I samanslåingsprosessen mellom Mo og Jølster vidaregåande og Øyrane vidaregåande i 2014, vart avdeling Jølster lagt ned. Som ei følgje av dette vart utdanningsområda medium og kommunikasjon og studiespesialiserande med formgjevingsfag, flytta til Hafstad vidaregåande skule. Hafstad vidaregåande skule er såleis ein skule forma av ulike kulturar.

I 2016 starta fylkeskommunen dei første sonderingane for å vurdere moglegheita for ei framtidig samanslåing av Hafstad vidaregåande skule og Mo og Øyrane vidaregåande skule og hausten 2023 vert desse to skulane samanslått til ein felles vidaregåande skule.