Hafstad vidaregåande skule
01 Praktikant frå Nederland

Praksiseleven frå Nederland

I veke 10 og 11 fekk KDA-linja besøk av ein student frå Nederland som gjerne ville sjå korleis det var å vere kunstlærar i Norge. Tamara Van Lieshout var inne og observerte på alle tre årstrinn, og hadde eit eige opplegg i 1KDA. (Trykk på tittelen for å få fram meir info, og bilete til saka)

Tekst og foto: Karoline Vie
 
Elevane i 1KDA fekk tips til korleis dei kunne gå fram for å teikne raske skisser på 10 og 5 minutt. Internett humor, eller såkalla «memes», vart nytta som bileta elevane skulle teikne. Dette resulterte i fleire artige uttrykk til slutt.
 
Tamara som var på Hafstad vgs i 2 veker - fekk sett korleis vi gjennomfører utdanningsval. Ho besøkte kunstmuseet, og fekk også sett utstillinga i Førdehuset der tidlegare elevar frå heimyrkjeskulen var representerte. Under utdanningsval viste ho fram sin eigen framgangsmåte på digital teikning.
 
Praktikanten frå Nederland.jpg
 
Praksiseleven Tamara Van Lieshout frå Nederland, og oppgåver på KDA. Foto Karoline Vie
Tips ein ven Skriv ut