Hafstad vidaregåande skule
00001 Kunst og matematikk

Prosjekt i kunstfag og matematikk

I haust fekk KDA-seksjonen ved Hafstad vgs ein interessant førespurnad knytt til matematikk og kunstfag, frå Kristin Myhra Sæterdal, førsteamanuensis ved institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. (Trykk på tittelen for meir info)


Tekst: Mona Fossdal

Førespurnaden frå Sæterdal gjekk ut på om vi ville stille ut eit prosjekt ved det nye Vitensenteret i Kaupanger, der vi visualiserer korleis matematikk kan knytast opp til kunstfag. Wenche Steinsvik og Mona Fossdal, som underviser i kunst og visuelle verkemiddel på vg3, tenkte først: «Gisp! Matematikk!» men etter ei lita tenkepause: «JA, dette må vi få sjølvsagt få til!»

Mål: Målet med prosjektet har vore å synleggjere for elevane samanhengar og koplingar mellom ulike fag, som i dette tilfelle har vore kunstfag og matematikk. 

Geometri og mønster

Steinsvik hadde allereie besøkt Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde – saman med vg3-klassen, for å sjå utstillinga «Konstellasjonar» av Ingunn Bakke. Bakke sine arbeid er inspirert av arabiske, matematiske mønster. Denne utstillinga danna eit bakteppe for Steinsvik si oppgåve: «Ei flis i eit mønster». Oppgåva gjekk ut på å først konstruere geometriske former ved hjelp av passar og linjal. Deretter utvikle mønsterelement/rapportar med utgangspunkt i dei konstruerte formene. Ein- eller to av rapportane skulle bearbeidast vidare, og til sist skulle elevane velje ut eitt- eller to element til bruk i mønsterbygging.

WS bilderad4.jpg

Over: Elevar frå 3KDA konstruerer geometriske former, og nyttar desse vidare i mønsterdesign. Hafstad vgs.

WS bilderad2.jpg

Over: Geometriske former og mønsterdesign, utforma av elevar i 3KDA, ved Hafstad vgs.

Geometri, symmetri og natur

Fossdal nytta ei anna vinkling til temaet. Elevane starta med å konstruere pyramidar og tetraedere som eit forarbeid til oppgåva. Dei lærte også korleis ein reknar ut arealet i desse formane. For å fokusere på berekraft og god utnytting av materiale, lærte elevane også korleis dei kunne rekne ut kor mange former dei fekk plass til på eit papirformat på 50x70 cm. Som oppgåve skulle elevane utforme relieff/veggarbeid beståande av tetraedere/pyramideformar i papir. Dei jobba gruppevis med tema knytt til geometri, symmetri og natur. Gruppene trakk også ein lapp, der dei fekk kvart sitt undertema: a) naturelement, b) insekt, og c) plantar/blomar.

MF collag2.jpg

Over: Relieff i papirmateriale utforma av elevar i 3KDA, ved Hafstad vgs.

MF collage 3.jpg

Over: Arbeidsprosess ved konstruksjon av geometriske formar, og utarbeiding av relieff i papirmateriale, 3KDA, ved Hafstad vgs.

Kompetansemål som elevane har jobba ut i frå (læreplan i Kunst, design og arkitektur, vg3 2021)

Grunnleggande ferdigheiter: Å kunne rekne i kunst og visuelle verkemiddel inneber å berekne målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar. Det er òg sentralt i samanheng med geometri, perspektivteikning og aksonometri.

Visuelle verkemiddel: bruke fagomgrep, reflektere over og drøfte val av visuelle verkemiddel i eigne og andre sine arbeid, drøfte estetiske og kontekstuelle sider i form- og biletuttrykk.

Materiale, uttrykk og teknikkar: skape eigne kunstnariske arbeid med utgangspunkt i valde element frå nyare uttrykksformer, planleggje og gjennomføre ein kunstnarisk prosess og grunngje val frå idé til ferdig resultat. Kunst og kulturhistorie: kjenne til formspråk, symbol og materialbruk i kunst, bilete og formuttrykk frå ulike kulturar i vår tid, og gi døme på samanhengar mellom kunst, religion og politikk.

Kunst og kulturhistorie: kjenne til formspråk, symbol og materialbruk i kunst, bilete og formuttrykk frå ulike kulturar i vår tid, og gi døme på samanhengar mellom kunst, religion og politikk.