
Rådgjevarar ved Hafstad vgs
SKULERETT
Du har rett til tre års vidaregåande opplæring.
Retten må brukast innan utgangen av det året du fyller 24.
Har du begynt å bruke av retten, må du nytte den i løpet av ein periode på 5 år (6 år i lærefag).

Over: Rådgjevar Bjørg Indrebø. Foto: Hilde Gunn Bråstad.
Du har rett til eitt omval, eitt år ekstra, utan å tape skulerett.
Omvalet må vere på same nivå som det du sist fullførte. Etter Vg1 kan du velje nytt Vg1. Etter Vg2 kan du velje nytt Vg2 som bygger på Vg1 som du alt har.
SØKNAD OG RETT TIL PLASS
Du må søkje om plass kvart år. Til Vg2 har du rett til plass på eit programområde som byggjer på Vg1.Du har ikkje rett til plass på ein bestemt skule. Plassar blir tildelte etter poeng utrekna på grunnlag av karakterar.
Søknadsfrist: 1. mars, 1. februar for særskilt inntak.

Rådgjevarane ved Hafstad vgs: Linda Størseth Hvidsten og Bjørg Indrebø.
STUDIEORIENTERING
Her kan du finne informasjon frå rådgjevarane om førstegongsvitnemål, skulepoeng og tilleggspoeng, krav til spesiell studiekompetanse og inntakskrav til ulike høgare utdanningar, informasjon om studiar i utlandet med meir: Studieorientering