Hafstad vidaregåande skule
Silje Marie Albrigtsen Agledal 2

Silje frå 3KDA designa veggdekor til Vie barnehage

Vie barnehage ville ha meir kunst på veggane sine og kontakta difor avdelinga for Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs. Elevane i klasse 3KDA utarbeidde deretter ulike dekorforslag i faget Kunst og visuelle verkemiddel. Det flotte designet som Vie barnehage til sist valte ut, er utarbeidd av Silje Marie Albrigsen Agledal. (Klikk på tittelen for å få opp heile saka)

På bilete over ser vi Silje som får ros og presang av styrar i barnehagen, Ann Renate Helgås. Læraren til Silje på KDA - Wenche Steinsvik (grøn jakke) var også med for å ta ein kikk på kunsten. Foto: Astrid Iren Solheim Korsvoll.

Her kan du lese heile den flotte saka om Silje frå 3KDA - på Firda.no si nettside. Tekst og bilete: Astrid Iren Solheim Korsvoll

Silje Marie Albrigtsen Agledal VEGGKUNST.jpg

KOSEKROK: Borna på Trollungane i Vie barnehage kosar seg i lesekroken der kunsten til Silje heng på veggen. Elevane i klassa til Silje har vore med å ferdigstille kunsten. Foto: Astrid Iren Solheim Korsvoll

Tips ein ven Skriv ut