Hafstad vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevmedverknad/Skulemiljø
Foto av to ungdomar, ei jente og ein gut, gåande over ei bru i Førde. Dei snakkar saman, ho har øyretelefonar på og han ber ei brusflaske.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Skulemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Handlingsplan mot mobbing.docxHandlingsplan mot mobbing.docx PDF document ODT document Skulen har nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Viss ein elev opplever slik krenking, er det viktig å melde frå til rektor eller ein annan vaksen på skulen. Då har vi plikt til å undersøkje saka og setje i verk tiltak.

Meld frå

Fylkeskommunen har oppretta eit meldingsskjema som gir elevar, føresette og andre ein trygg og sikker kanal for å melde frå om ein elev som ikkje har det bra på skulen. Meldinga blir send direkte til rektor, og leiinga ved skulen vil ta kontakt med deg for ein samtale. Ingen utanfor skulen si leiing får vite om meldinga.

Du finn lenke til meldingsskjemaet på skulen si heimeside («Meld frå om mobbing»). Her kan du gå direkte til skjemaet.

Snakk med nokon

Viss du ønskjer å snakke med nokon om mobbing og dårleg skulemiljø, eller viss du lurer på kva rettar og plikter du har og korleis du kan gå fram for å løyse ei sak, kan du ta kontakt med elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane.

Tips ein ven Skriv ut