Hafstad vidaregåande skule
Stipend

Søk om stipend før 15. november

Elevar må søkje før 15. november dersom dei vil ha støtte frå Lånekassen for haustsemesteret 2018. Fristen gjeld for elevar som ikkje allereie har søkt om støtte for hausten.


Hugs å søkje om stipend

Søk innan 15. november dersom du vil ha støtte frå Lånekassen for haustsemesteret 2018. Her ser du kor mykje du kan få.

Alle elevar får utstyrsstipend

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring har rett til utstyrsstipend. Du får stipendet uavhengig av kor mykje foreldra dine tener, men du må søkje for å få det. Har du allereie fått stipend, treng du ikkje å søkje på nytt.

Det er éin felles søknad for stipend og lån, som du finn på www.lanekassen.no/soknader.

Tips ein ven Skriv ut