Mona Fossdal, revebjeller

Sommarhelsing frå rektor!

Etter ein spesiell vår har alle elevar starta på ein velfortent sommarferie. Ynskjer alle ein fin sommar i vårt flotte land og at alle hugsar på sitt ansvar ved å følgje regjeringa sine smitteverntiltak gjennom sommaren. Håpar vi får treffast igjen til ein skulestart med «grønt trafikklys». Informasjon om skulestart i høve ev. tiltak som følgje av koronasituasjonen vil komme i starten av august. Med helsing rektor, Nina Bygstad