Sylfest Lomheim 3

Sylfest Lomheim besøker VG3-klassane onsdag 18.09.

Sylfest Lomheim vil halde foredrag om ma. retorikk, språk, omseting og om skriving. Lomheim er både omsetjar og debattant. Han er professor i norsk ved Universitetet i Agder og var i perioden 2004–2010 den første direktøren for Språkrådet, statens kompetansesenter i språkspørsmål. Lomheim har også vore statssekretær i Barne- og familiedepartementet.

Pressemelding:

Folkeakademiet Sogn og Fjordane har gleda av å sende vår eigen språkvitar på turne` i haust.

Sylfest Lomheim har med seg eit knippe foredrag: Frå språkhistorie til språkets makt og virke i dagens samfunn.

Sylfest Lomheim er både omsetjar og debattant. Han er professor i norsk ved Universitetet i Agder og var i perioden 2004–2010 den første direktøren for Språkrådet, statens kompetansesenter i språkspørsmål. Lomheim har også vore statssekretær i Barne- og familiedepartementet.

Tema til Sylfest Lomheim sine foredrag:

Retorikk, politikk, samfunn

Retorikk er måten å snakka på eller å skrive på. Det betyr at det er retorikken som styrer politikken, og politikken som styrer samfunnet.

Korleis går det med norsken?

På totusentalet er det dominerande spørsmålet ikkje forholdet mellom nynorsk og bokmål, men korleis det går med norsken i det globale samfunnet.

 Sjumilssteg i språkhistoria

Sjumilsstega her er verkeleg sjumilssteg, for me startar med språket i Noreg på Jesu tid og sluttar på totusentalet.

Bibelomsetjing

At bibelomsetjing ikkje er for amatørar, trur eg alle skjønar. Me skal sjå på både feil som er gjorde og språklege utfordringar i vestens viktigaste bok.

Snakkinga står over skrivinga!

Mange ser på skriftspråket som det eigentlege og fullstendige. Snakking ser mange på som meir ufullstendig enn skriving. I røynda er det omvendt, talen står over teksten. Talen er rikare og mektigare enn teksten.

Stader han vitjar:

FA Vik-Fresvik 13.sep kl. 20.30

Førdehuset 14. sep kl.15.00

FA Svanøy-Vesle kinn 15.sep kl.20.00

Dale Vgs. 16.sep kl. 12.45

Sande bibliotek 16.sep kl. 19.30

FA Solund- Solund leilighetshotell 17.sep kl.18.00

Hafstad Vgs. 18.sep Kl. 13.30

FA Bremanger- Svelgen bibliotek 18.sep kl.18.00

FA Hornindal- Smia 19.sep kl.19.00

Årdal bibliotek 20.sep. kl. 19.00

FA Luster- Gaupne bibliotek 21. sep kl. 14.00

 

For kontakt :

For FA Sogn og Fjordane: Erlend Ona Gjul tlf. 98817783

Eller på e-mail: sognogfjordane@folkeakademiet.no

Tips ein ven Skriv ut