Hafstad vidaregåande skule
A Klasse 2KDA

Tidsskriftshylle på biblioteket, designa av 2KDA-elevar

Torsdag 25. januar blei det arrangert vernissage på Hafstad vgs, med ein høgtideleg avduking av det nye tidsskriftsmøbelet på biblioteket. Tidsskriftshylla er blitt designa og utforma av elevane som går i 2KDA, med god hjelp av faglærar Svein Myklebust.

Ingressfoto: Elevane frå klasse 2KDA, lærar Svein Myklebust og bibliotekar Anne Kari Faleide. Foto - Hilde Gunn Bråstad og Stig Oskar Naustdalslid

Prosjektet med å utarbeide tidsskriftshylla kom i gang etter eit innspel frå bibliotekaren Anne Kari Faleide. Grunnrisset til den søyleforma hylla er femkanta, og rommar inntil 20 magasin. Elevane valde å nytte nøytrale fargar som grått og svart på hylla, for å skape ein roleg bakgrunn for magasina. Dei jobba med prosjektet i faget design og arkitektur. Legg merke til denne flotte tidsskriftshylla neste gang du er på biblioteket!

Avduking av ny tidsskriftshylle på biblioteket

Over: Avduking av den nye tidsskriftshylla. På bilete ser vi elevar frå 2KDA, Svein Myklebust og Anne Kari Faleide. Foto Mona Fossdal

B Tilsette ved skulen med tidsskriftshylla.jpg

Over: Mona Fossdal, Svein Myklebust, Anne Kari Faleide og Magne Frøholm. Nedst ein elev som prøver ut tidsskriftshylla. Foto - Hilde Gunn Bråstad og Stig Oskar Naustdalslid

C Feiring med kake.jpg

Over: Feiring på biblioteket med kake. Foto - Hilde Gunn Bråstad og Stig Oskar Naustdalslid

D Servering av kaker og brus.jpg

Over: Foto - Hilde Gunn Bråstad og Stig Oskar Naustdalslid

2KDA ferdig tidsskriftshylle, foto - Svein Myklebust.jpg

Over: Tidsskriftshylla som er designa av 2KDA-elevar. Foto: Svein Myklebust

2KDA arbeidsprosess med tidsskriftshylla.jpg

Over: Undervegsbilete av arbeidsprosessen med å lage hylla. Foto: Svein Myklebust