Hafstad vidaregåande skule
Design og berekraft

Upcycling - design og bærekraft

Klasse 3KDA har i faget Design og arkitektur - med faglærar Grete Huus jobba med eit spennande prosjekt. Dei har tatt utgangspunkt i miljøproblematikken havplast og korleis utvikle designprodukt m.a. frå resirkulert plast frå havet. Sjå bilete av dei spennande arbeida med utgangspunkt i temaet "hav", utført i resirkulert plast!

Tema: Upcycling - design og bærekraft

3KDA: gruppe A, Design og arkitektur 1 termin 2018/19. Faglærar Grete Huus. Foto: 3KDA. Tekst: Grete Huus

02 Kristine H Hopland.jpg

Designgruppa: Marianne S. Berg, Sonja Holmøy-Wang, Tiril Blålid, Ingvild Arnesen, Silje Agledal, Roman Gritco, Helena Dyregrov, Eirin Hamre, Lotte Bruland. Foto: Kristine H. Hopland

Denne gruppa har ei stor pågåande oppgåve med miljøproblematikken havplast og korleis utvikle designprodukt m.a. frå resirkulert plast frå havet. Vi har sett på korleis motebransjen, kunstnarar / designarar og engasjerte enkeltpersonar har sett i gong omfattande og imponerande UPCYCLINGstiltak med plast frå havet. Eksempel frå vårt fylke er t.d. Simen Knutsen, surfar og dagleg leiar i Nordic Ocean Watch i Hoddevika på Stadt. Der har ei gruppe i tillegg til å reinse Hoddevikstranda kontinuerleg, også etablert eit mottakssenter for havplast.

1 Jakke laga av plastflasker.jpg

I tillegg til innsamling av brukt plast er drivkrafta i eit UPCYCLINGsprosjekt å lage produkt av avfallet som auka verdien av det i stor grad. Eks over: Jakke laga av 80 plastflasker i ein av THERE IS NO PLANET B /Javier Goyeneche kolleksjonar.

Som kick-start fekk gruppa jobbe med boss-sekkar i reprodusert plast kjøpt på Biltema, alle fekk lik mengde og fargar – temaet var HAV – og dei skulle i løpet av 3-4 skuletimar lage ein overdel rett på byste. Her er resultatet, fotografert av foto/grafikkgruppa i 3KDA og lærar Dag Erik Solnørdal.

07 Andrea Strand.jpg

Over: Foto - Andrea Strand

No jobbar design og arkitekturgruppa vidare med individuelle og sjølvdefinerte designprodukt i eit bærekraftperspektiv i vekene fram mot jul.

03 Helena S.jpg

Over: Foto - Helena Slagstad

9 B Olin, Tomine, Malin og Edvine.jpg

Over: Foto (øvst) Olin S. Nesje, Tomine H. Furelid, (nedst) Malin S. Flølo og Edvine T. Betten

04 Frida Strømmen B.jpg

Over: Foto - Frida Strømmen

Fotogruppa 3KDA - med fotolærar Dag Erik Solnørdal: Edvine T. Betten, Malin S. Flølo, Tomine H. Furelid, Kristine H. Hopland, Hanna S. Høyvik, Olin Skarstein, Frida Strømmen, Helena Slagstad og Andrea Strand.

Tips ein ven Skriv ut