Er du kreativ og vil lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du kan dermed ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.
Er du interessert i å teikne, male eller skape noko med hendene? Og ønskjer du å få studiekompetanse slik at du kan komme inn på høgskular og universitet? I så fall kan kunst, design og arkitektur (KDA) vere det rette for deg.
I bloggen til kunst, design og arkitektur (KDA) og i ein liten informasjonsfilm, vil du sjå arbeid som elevane har jobba med på KDA, og få med deg intervju med elevane:
FILM om Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs
BLOGG for Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs
Namnet på programområdet skildrar godt det du vil få arbeide med: kunst (teikning, maling, skulptur, installasjonar m.m), design (grafisk design, layout, produktdesign, industridesign m.m), og arkitektur (3D-teikneprogram, perspektivteikning, bygge modellar av bygningar/hus, interiør m.m). Programområdet er studieførebuande. Hafstad vgs tilbyr vg1, vg2 og vg3 kunst, design og arkitektur.
Det er inntil 30 elevar i klassane i fellesfaga, men i programfagtimane blir klassen delt i grupper på 15. I kroppsøving og i dei fleste av programfagtimane er klassen i Førdehuset. I Førdehuset er det gode verkstader og lokale til å arbeide med kreative fag. KDA-klassane vil også ha sine eigne klasserom på Hafstad vgs., der det meste av undervisninga i fellesfag vil vere.
Over: Interiørteikning/elevarbeid frå KDA i Førde, vg3.
På vilbli.no står det følgande informasjon om Kunst, design og arkitektur:
Du lærer
- å teikne
- utforming av gjenstandar i ulike materiale
- å vidareutvikle dine kreative evner
- om kunst og kultur
- om stad- og byutvikling
- teoretiske fag
Du bør vere
- glad i å teikne
- kreativ
- interessert i design, form og farge
- opptatt av estetikk
- interessert i å skape noko
Du oppnår
- studiekompetanse og kan ta høgare utdanning
Viss du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli
- arkitekt, landskapsarkitekt eller interiørarkitekt
- produktdesignar, industridesignar eller grafisk designar
- kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar
Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet.
Arbeidsstadar kan vere
- arkitektkontor eller bygg- og entreprenørbedrifter
- produksjonsbedrifter eller designbyrå
- museum, galleri eller kunstnaratelier
Over: Sykkelinstallasjon laga av elevar frå KDA, i Førde
Opptakskrav til høgare utdanning
Med generell studiekompeanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet. Men nokre studium har særskilte opptakskrav:
- Opptaksprøver: Mange arkitektur- og kunstfaglege studium krev ein praktisk opptaksprøve. Med kunst, design og arkitektur får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøvar.
- Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Døme på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium og arkitektur ved NTNU. Du finn opptakskrava til høgskule- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På kunst, design og arkitektur kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du vil trenge. Sjekk med skulen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.
Val av fag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur
- Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3.
- På programområdet KDA ved Hafstad vgs blir det tilbydd valfrie programfag som gir ei spesialisering innan kunst, design og arkitektur: Foto og grafikk, Design og berekraft, Samisk visuell kultur, Arkitektur og samfunn og Kunst og skapande arbeid.
- Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Da må du ta framandspråk som fellesfag på VG3 i staden for det eine valfrie programfaget på vg3.
Oversikt over faga på KDA for dei tre skuleåra:
Bilete viser ei oversikt over faga på KDA for dei tre åra på vidaregåande skule. Her er same oversikt over fag og timefordeling på KDA som vedlegg (PDF). Du kan også få opp ei tilsvarande oversikt over fagfordelinga for dei tre åra ved å gå inn på nettsida til vilbli.no