Påbygging til generell studiekompetanse

PÅBYGG header 3 (1280x481).jpg

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Vidaregåande trinn 3 (Vg3)

Etter Vg2 følgjer enten vidaregåande trinn 3 (Vg3) i skule eller to års opplæring i bedrift. Hafstad vgs tilbyr påbygging til generell studiekompetanse. Etter å ha tatt påbygg kan du studere vidare på høgskular og universitet. Påbyggingsåret er eit tilbod til elevar som har valt ei yrkesfagleg utdanning, og som ønskjer å oppnå generell studiekompetanse.

Fag og timar

På utdanningsprogrammet påbygging til generell studiekompetanse har du faga norsk (10 t/v), historie (5 t/v), kroppsøving (2 t/v), naturfag (3 t/v) og matematikk (5 t/v) i tillegg til eitt programfag (5 t/v), som gjev deg den teoretiske kompetansen som krevst for å kunne bli tatt opp til studium på høgskular og universitet. Du har også rett til å ta påbygg etter gjennomført fagutdanning.

Tilhøve ved skulen

Du vil vere elev i ein klasse med 30 elevar. Saman med dei øvrige vg3-klassane er du ein del av eit stort avgangskull. Skulen er sentralt plassert i Førde. Det er bibliotek, lesesal, auditorium og kantine på skulen.

Kvifor ta påbygg

Linja er meint for deg som har tatt yrkesfagleg utdanning, men som likevel ønskjer generell studiekompetanse. Med studiekompetanse kan du søkje opptak på høgskular og universitet.

Inntakskrav

Inntakspoeng vil variere avhengig av kor mange som søkjer, men skal du lukkast å komme gjennom året er det lurt å ha karakterar opp mot 4-talet. Merk deg at studia vidare kan ha høge krav. Det er lurt å sjekke dette tidleg.

Vegen vidare

Med generell studiekompetanse kan du velje mellom ei rekkje ulike utdanningar på høgskular og universitet. Hugs søknadsfristen 15. april.

Generell studiekompetanse 

Ein oppnår generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå tre års vidaregåande opplæring frå studieførebuande utdanningsprogram.

  • Generell studiekompetanse er det faglege grunnlaget for å søkje opptak til universitet og høgskular
  • Somme studium stiller krav om spesiell studiekompetanse,
    det vil seie spesielle fag, som oftast realfag
  • Somme studium har opptaksprøve
  • Du får vitnemål som dokumentasjon på studiekompetanse
  • Med Kunnskapsløftet blir krava til generell studiekompetanse skjerpa i forhold til tidlegare: Krav til matematikk aukar frå 5 timar/veke til 8 timar/veke