Studiespesialisering med toppidrett

Spissa toppidrett - volleyball.jpg

Studiespesialisering med toppidrett er eit tilbod for deg som ønskjer å satse for fullt på idretten din og samstundes ta ei utdanning. Målet er å legge til rette for prestasjonar på internasjonalt nivå.

Hafstad vgs har i samarbeid med Førde Volleyballklubb tilbod om spissa toppidrett i volleyball. Vi har totalt 15 plassar fordelt på Vg1, Vg2 og Vg3. 

Førde VBK står for treningane og det faglege opplegget, medan Hafstad vgs administrerer tilbodet. Elevar som ynskjer dette tilbodet, må søkje seg inn kvart år i vigo.no innan 1.mars.

Meir info om spissa toppidrett og inntaksprosedyrer finn du ved å følgje denne lenkja: Spisset toppidrett

Spisset toppidrett (foto).jpg

Over: Fotoet er henta frå: Spisset toppidrett 

Informasjon frå FVBK/Region Sogn og Fjordane om Hafstadsatsing

  • Innhald: 3 balløkter og 2 styrkeøkter i veka i samband med skulen. Styrkeøvingane vil vere spesifikke øvingar for volleyball.
  • Desse øktene vil vere i tilknyting til skulekvardagen, før skulen, i skuletid eller rett etter skulen.
  • Treningskort på Puls vil bli dekka av satsinga dersom ein trenar styrke minimum to gonger for veka og kan dokumentere dette gjennom oppmøteregistrering. Satsinga dekker ikkje treningskort hjå andre treningsstudio.
  • Ein forventar oppmøte på alle øktene, og det skal vere ekstraordinært dersom ein ikkje kan stille på økta. Dette krev god struktur på skulekvardagen.
  • Hafstadsatsinga kan ikkje kombinerast med jobb ved sidan av skulen.
  • Alle må søke på Hafstadsatsing kvart år innan 1. mars sjølv om ein går på Hafstadsatsing. Det er også mogleg å søke seg inn på Hafstadsatsing andre året sjølv om ein var med første året.
  • På kveldstid vil ein i samarbeid med Førde volleyballklubb få moglegheit til å trene med eit av laga til klubben.

Hafstadsatsing - open samling:

Regionen vil i samarbeid med Førde volleyball halde ei samling for dei som kan vere interessert i å søke.
Innhaldet i samlinga vil vere: informasjon om satsinga og praktisk økt. Denne er open for alle som vurdere å søke på Hafstad eller for dei som allereie går på Hafstad og skal opp i andre eller tredje vidaregåande klasse.

Påmelding: Isonen

(meir informasjon finn du i påmeldingslenkja)