Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Bilete viser elevar som sit i eit klasserom. Fotograf: Martha Linnea Pukallus

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar

Førde vidaregåande skule tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne innan fleire fagfelt. Oversikta over tilboda 2024-2025 vert publisert her når det er klart. 

Vaksenopplæring

Utdanning på vidaregående nivå gjer deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden. Det er ingen øvre aldersgrense for å søkje vidaregående opplæring. Nokre vaksne har ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Vaksne utan slik rett kan søkje, men vil bli prioritert etter vaksne med rett. 

Agronomutdanning for vaksne

Kombiner agronomutdanning med anna arbeid!

Er du vaksen (over 25 år) kan du gjennom ni helgesamlingar i året og oppgåveløysing over internett, verte agronom på to år.

Førde vidaregåande skule tilbyr agronomutdanning for vaksne, som er ein kombinasjon av fjernundervisning via Internett og samlingar på Mo.

For meir informasjon: sjå fagsida til agronomutdanning for vaksne

Helse- og oppvekstfag 

Førde vidaregåande skule tilbyr skuleåret 2024-2025 følgande fagutdanningar: 

-  Helsearbeidarfag (Vg1, Vg2, Vg3) - Modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne, MFY
-  Vg2 Helsearbeidarfag

Modulstrukturert opplæring (MFY) er ein måte å organisere opplæring, fram mot fag- og sveinebrev på, som er betre tilpassa vaksne sine behov, utgangspunkt og livssituasjon. Sluttkompetansen er den same som for ordinært løp. 

Hovudopplæringa vil skje meir i bedrift og mindre i skule. Du vil til dømes ha fire dagar i bedrift og ein dag på skule. MFY bygger på den kompetansen du har med deg inn i lærefaget.

MFY deler opplæringa inn i fem modular. Fire av modulane bygger på kompetansemåla på Vg3 nivå, men inneheld også enkelte kompetansemål frå felles- og programfaga frå Vg1 og Vg2. I tillegg er det ein modul i norsk og samfunnskunnskap / norsk og samfunnskunnskap for minoritetar.

For Vg2 Helsearbeidarfag er opptakskravet bestått Vg1 Helse- og oppvekstfag. Vg2 Helsearbeidarfag har programfaga helsefremmande arbeid, kommunikasjon og samhandling, yrkesliv i helsearbeidarfag og yrkesfagleg fordjuping. I yrkesfagleg fordjuping vil elevane vere i praksis for å prøve seg ut i fagområde som er relevant for den utdanninga ein har valt. 

Fagområde: Generell studiekompetanse

Fag som blir tilbydd er: norsk, matematikk, engelsk, naturfag, historie og samfunnsfag.

Det er samling anna kvar veke i alle fag, med unntak av samfunnsfag som har tre fysiske samlingar per termin. Samlingane startar kl. 16.00, og er ferdige ca. 19.30. Det er 4 undervisningstimar per samling.

Prøvar/vurderingssituasjonar blir gjennomført på samlingar i faga. I tillegg blir det heildagprøvar på dagtid i norsk, matematikk og engelsk. Desse prøvane blir lagt til fredagar.

Undervisningsdag for faga blir bestemt seinare.

Her er ei oversikt over tidspunkt og stad for samlingar 2023-24

Her er ei oversikt over tidspunkt og stad for samlingar 2024-25

Har du spørsmål knytt til generell studiekompetanse? Ta kontakt med avdelingsleiar Inger Karin Oppedal eller med rådgjevar Margunn Brede.

For å få tilbod om vaksenopplæring / realkompetansevurdering, må du sende søknad via www.vigo.no. Klikk deg inn på “Vaksenopplæring/realkompetansevurdering” og følg instruksjonane du får. Legg inn ønska sluttkompetanse, tidlegare skulegang og praksis. Dersom du ønskjer rettleiing, kryssar du av for dette, og vi kontaktar deg.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med rettleiingstenesta

På Vestland fylkeskommune sine heimesider finn du meir om dette og andre tilbod innan opplæringstilbod for vaksne. 

Du finn også på Vestland fylkeskommune sine heimesider informasjon om kva skule som tilbyr kva fag.