0001 B Utdanningsval hausten 2020

Utdanningsval på Hafstad vgs måndag 26. oktober

Her kan du sjå bilete frå opplegget under utdanningsval på Kunst, design og arkitektur og Medium og kommunikasjon, hausten 2020. (Klikk på tittelen for å få fram bilete og informasjon)

Måndag 26. oktober fekk vi besøk på KDA og MK av ein flott gjeng med hospitantar frå 10. klasse. Hospitantane kom frå Askvoll, Lærdalsøyri, Farnes, Flora, Olden, Eid og Stryn. Her kan du finne litt informasjon om opplegga, og sjå foto frå dagen.

Kunst, design og arkitektur

Fag: Design og arkitektur med Svein Myklebust. Oppgåve: Utforme ein 3D-modell knytt opp til temaet arkitektur. Deretter knyte ei historie opp til det ferdige arbeidet. Teknikk: Isopor, lim og knappenåler.

Foto 2 - Svein Myklebust.jpg

Over: Foto av Svein Myklebust

Svein fotocollage frå utdval.jpg

Over: Foto av Svein Myklebust

Fag: Kunst og visuelle verkemiddel med Karoline Vie: Oppgåve Teikne inn ei maske på eit andlet, eller tatovering/klede på teikninga av ein kvinneleg eller mannleg modell.

Karoline collage utdanningsval.jpg

Over: Foto av Karoline Vie

karoline collage modellteikningar, utdanningsval.jpg

Over: Foto av Karoline Vie

Fag: Design og arkitektur med Svein Myklebust. Oppgåve: Utforme ein 3D-modell knytt opp til temaet arkitektur. Deretter knyte ei historie opp til det ferdige arbeidet. Teknikk: Isopor, lim og knappenåler.

Medium og kommunikasjon

Denne dagen hadde hospitantane eit opplegg i faget Bilde og medieuttrykk med Dag Erik Solnørdal og Ole Johnny Devik. Hospitantane fotograferte halloweeninspirerte gjenstandar, og utarbeidde reklamemateriell til produkta. Dei lagde også små Halloween-filmar. John Eirik Anfinsen gjennomførte eit opplegg i faget mediesamfunnet. På slutten av dagen blei det også proisutdeling for beste film, og premie til vinnaren av MK-quizen!

Fotocollage MF.jpg

Over: Foto av Mona Fossdal