Vestland1

Utviklingsstipend til idrettsutøvarar

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut sju utviklingsstipend à 40 000 kr til unge idrettsutøvarar. Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong. Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.

Her på nettsida til Vestland fylkeskommune kan du finne meir informasjon om utviklingsstipennd til idrettsutøvarar