Hafstad vidaregåande skule/Om oss/Slik jobbar vi/Verdiar
Bilete av Hafstad vgs, saman med glaskunst/utsmykning av Lise Stang Lund

Verdiar, prinsipp- og mål for opplæringa

VISJON:

Din kunnskap – vår framtid

 

VÅRE ETISKE VERDIAR:

Kunnskap

Vi utvidar eigen kunnskap og skapar ny kunnskap saman.

Engasjement

Vi viser  på ulike måtar at fag, skulen, kollegaer, elevar,  læringsresultat og samfunnet omkring oss er viktig for oss.

Toleranse

Vi er rause og inkluderande, og tåler andre sine meiningar og haldningar.

Nysgjerrigheit

Vi stiller spørsmål, undersøkjer, er kreative og leitar etter ny kunnskap.

Respekt

Vi anerkjenner kvarandre, og møter kvarandre som likeverdige.

Retning for vår utvikling:

Bygge ein kultur der det føregår kollektiv læring, òg der undervisning- og vurderingspraksis i klasserommet er i kontinuerleg utvikling. Dette for å motivere og fremje elevane si læring i eit framtidsretta perspektiv.

Relasjonsbygging- med vekt på motivasjon, profesjonsutvikling og samarbeid

Vi skal arbeide mot desse fire overordna kvalitetsmåla skuleåret 2018-2019:

1.      ELEVANE opplever skulekvardagen trygg og støttande både psykososialt og fagleg

2.      LÆRARANE fremjar motivasjon gjennom fagleg samarbeid og gjennom å bygge gode relasjonar

3.      FORELDRA er ein positiv ressurs i skulearbeidet

4.      LEIINGA utøver ei strukturell støtte som fremjar relasjonsbygging og kompetanseheving

utviklingsplanen for Hafstad vgs 2018-19 kan du lese meir om satsingsområda.

Tips ein ven Skriv ut