VG3 medium og kommunikasjon
Skuleåret 2018-19 vil Hafstad vgs tilby vg3 medium og kommunikasjon, studieførebuande programområde.
Er du interessert i foto, film, radio/lyd, journalistikk, digitale medium eller i grafisk design? I så fall kan medium og kommunikasjon på Hafstad vgs vere det rette valet for deg. På dette programområdet vil du få lære om- og få arbeide praktisk med ulike medium, samstundes som du får studiekompetanse og kan utdanne deg vidare på høgskular og universitet. Du vil også lære deg arbeidsmetodar som vil gjere deg godt førebudd til eit yrke innan mediebransjen.
På vilbli.no står det følgjande om fagfordeling på medium og kommunikasjon vg3:
Fag- og timefordeling
- 113 Historie
- 056 Kroppsøving
- 168 Norsk
- 084 Religion og etikk
- 140 Mediesamfunnet 3
- 140 Medieuttrykk 3
Timane blir brukt enten til vidare spesialisering i medium og kommunikasjon (det vil komme to valfrie programfag til):
- Dans
- Drama
- Idrettsfag
- Kunst, design og arkitektur
- Musikk
- Musikk, dans og drama
- Realfag
- Språk, samfunnsfag og økonomi
Fotnoter
-
* Hadde du ikkje framandspråk på undgomstrinnet? I så fall må du ta framandspråk nivå II med 140 timar som fellesfag, og du har normalt ikkje plass til meir enn 140 timar valfritt programfag på Vg3, sjå Fremmedspråk
Her kan du finne meir informasjon om medium og kommunikasjon