Nasjonalt pilotprosjekt ved Hafstad vgs og Dale vgs
Hafstad vgs og Dale vgs set i gang eit nasjonalt pilotprosjekt for å utnytte ny teknologi i undervisninga. Målet er å finne ut korleis den aller nyaste datateknologien, kombinert med godt tilpassa programvare, kan gje elevane endå betre læring. To skuleklassar, ein på Hafstad vgs og ein på Dale vgs, får kommande skuleår prøve ut "det komplette læringsbrettet". Dette kombinerer det mest moderne innanfor datautstyr, programvare og digitale læremiddel.
|
|
2012.05.10 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Politiet og Røde Kors på besøk
Torsdag 19. april var politiet på skulen og snakka med russen om lover og reglar som kan vere nyttige å ha i minnet under russetida. Det gjekk mellom anna på russebilar og konsekvensar ved lovbrot. Røde Kors var også tilstades og snakka om "Stopp volden"-kontrakten som russen har skrive under på. Vi ønskjer lukke til med russefeiringa - kos dykk, men hugs å bruke vitet!
|
|
2012.04.19 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Snart påske!
Denne veka har det vore både påskequiz og påskelunsj på skulen. Onsdag 28. mars var det påskequiz med 49 lag (3 personar pr. lag) og høg score på dei 30 spørsmåla. Torsdag 29. mars var det fullt hus og god stemning i kantina og vestibylen då vi serverte gratis lunsj til elevar og tilsette. Sjå bilda nedanfor. Vi ønskjer med dette alle ei riktig god påske!
|
|
2012.03.29 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Nytt reglement for planlegging og godkjenning av ekskursjonar
Det blir ikkje lenger høve til å gjennomføre dei årlege språkekskursjonane for Vg2-elevane til Spania, Frankrike og Tyskland. Det blir heller ikkje muleg å gjennomføre ekskursjon til Oslo for Vg3-elevane.
|
|
2012.03.29 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Russen samla inn kr 119 000
7. mars gjekk russen på Hafstad, Øyrane og Mo og Jølster vgs frå dør til dør og samla inn kr 119 000 til aksjonen "Krafttak mot kreft". Vi gratulerer med eit flott resultat! Bilete frå innsamlinga kan ein sjå nedanfor.
|
|
2012.03.09 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Høge søkjartal for neste skuleår
Hafstad vidaregåande skule har for kommande skuleår 511 primærsøkjarar til 420 elevplassar. Det er stor oversøking til Vg1 studiespesialisering, med 151 primærsøkjarar (149 med ungdomsrett) til 120 plassar. Som vanleg er det stor søking til påbygging til generell studiekompetanse, med 85 primærsøkjarar (70 med ungdomsrett) til 30 elevplassar. Søkjartala elles er stort sett i samsvar med tal elevplassar på skulen.
|
|
2012.03.08 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Open skule på tysdagar
Frå tysdag 6. mars og kvar tysdag fram til påske vert det open skule frå kl.15.00 til kl.18.00. Det vert sal av varm mat og ikkje minst tilbod om hjelp i matematikk og eventuelt i andre fag. Miljøkoordinator Ane vil vere til stades.
|
|
2012.03.05 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Gratulerer med ein flott russerevy!
2012 er året verda er spådd å gå under, noko elevane ved Hafstad vidaregåande skule har fått med seg. Er det årets russ som skal bli det siste russekullet? Dette er bakteppet for årets russerevy. Med bruk av song, musikk, dans, drama, film og alt anna som høyrer heime i ein revy, viste russen publikum korleis 2011 eigentleg var - sett med russen sine auge.
|
|
2012.02.17 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
"Kven er kven"-quiz
3STC har arrangert quiz med temaet "Kven er kven?" Quizen viste babybilde av Hollywood-kjendisar og nokre av dei tilsette på skulen. Oppgåva var å finne ut kven som var kven! Å rette svararka var moro! Det var mykje fin gjetting og kreative innslag, mellom anna ei kjempefin teikning av ein hest som definitivt fortente eit ekstra poeng!
|
|
2012.01.28 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Foreldremøte/undervegssamtalar for Vg1
Hafstad vidaregåande skule inviterer til undervegssamtale/foreldremøte for Vg1 torsdag 26. januar frå kl. 1800 til kl. 2130. Foreldre/føresette får høve til å samtale med kontaktlærar og faglærarar.
|
|
2012.01.24 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Elevundersøkinga 2012
I veke 4, 5 og 6 gjennomfører skulen elevundersøkinga for 2012. Dette er noko skulen er pålagd å gjennomføre kvart år. Elevar som ikkje er myndige vil få grundig informasjon om undersøkinga i eit skriv frå Utdanningsdirektoratet. Foreldre/føresette skal ha den same informasjonen.
|
|
2012.01.23 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Studieorientering for Vg3
18. januar er representantar frå 9 ulike høgskular og universitet på Hafstad for å informere om aktuelle studium og studiestader for elevane på Vg3. Det blir føredrag og stands heile dagen, og forhåpentlegvis er det mange av elevane på Vg3 som finn ut kva dei har lyst til å gjere etter at dei er ferdige på Hafstad til våren!
|
|
2012.01.18 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Fagval for Vg1- og Vg2-elevar neste skuleår
Før vinterferien skal elevane på Vg1 og Vg2 studiespesialisering velje programfag for neste skuleår. I løpet av eit par veker vil faglærarar komme rundt i Vg1-klassane og orientere om aktuelle programfag. Det vil også bli fagstand i samband med foreldremøtet for Vg1 26.januar. Orientering til Vg2-elevane vil bli gitt i programfagtimar og i midttimar i veke 2.
|
|
2012.01.09 av Henrik Arne Losnegaard
|
[Les meir...]
|
Julequiz
Tradisjonen tru vart det arrangert julequiz også i år. Og som alltid var kantina full. 45 grupper deltok med 3 personar på kvart lag. Spørsmåla varierte frå aktuelle saker innan politikk og samfunnsliv til meir sesongprega tradisjonspørsmål. Gruppene var gode på julespørsmål og religonsspørsmål, medan dei var mindre flinke på hopprekordar, kunst og gjenkjenning av vokalistar.
|
|
2011.12.19 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
Songnissar
Elevane fekk seg ei overrasking då dei kom til lunsj torsdag 15. desember. Songfuglane i personalet hadde reinska stemmene og framførte "God Rest Ye Merry, Gentlemen" i vestibylen. Applausen frå elevane synte at dette sette dei pris på.
|
|
2011.12.16 av Guri Aarhus
|
[Les meir...]
|
|
Viktige tidsfristar
Søknad vigo.no:
|
1. mars (særskilt 1. februar)
|
Privatistar:
|
1. februar/15. september
|
Samordna opptak:
|
15. april
|
Skulerelaterte nettstader
Fylkesrelaterte nettstader
|