5btugvkqtj
 5btugvkqtj

Stian Nest

Bli med og finn praktiske løysingar på klimautfordringane

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar, NORCE og Universitetet i Bergen inviterer til Klimathon II 2019. 19.–20. mars kan du bli med på to lærerike dagar om klimatilpassing i Universitetsaulaen i Bergen.

Alle som jobbar med klimatilpassing i kommunar, fylkeskommunar, innan forsking, konsulentselskap og NGO-ar kan delta på Klimathon 2019 og finne praktiske løysingar på klimautfordringane på tvers av stad, forvaltingsnivå og sektor.

Fleire kommunar i Sogn og Fjordane deltok på Klimathon 2018. Denne gongen vonar vi endå fleire frå fylket blir med. Temaet er klimatilpassing, og vi skal jobbe med tematikken gjennom spanande gruppediskusjonar, idédeling, kompetanseutvikling og nettverksbygging.

Kva er Klimathon?

Klimathon er ein form for hackathon. Det vil sei at arbeidsformen er gruppearbeid, og at kvar gruppe samarbeider konsentrert mot eit felles mål. Klimathon gir deltakarane eineståande tilgang til utviklinga av kunnskap og politikk for framtida gjennom dialog og samarbeid.

I 2019 er det plass til 80 deltakarar. Det er gratis å delta, og påmeldingsfristen er 15. januar 2019.

Her finn du meir informasjon om Klimathon, tema, aktivitetar og registrering

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven