Medium og kommunikasjon

Foto - Hafstad vgs

Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.

Er du interessert i å arbeide med foto, film, lyd, tekst og grafisk design? I så fall kan medium og kommunikasjon (MK) vere det rette valet for deg. Medium og kommunikasjon er eit treårig studieførebuande tilbod. Det gjer til at du kan komme inn på dei aller fleste høgskular eller universitet etter å ha fullført den treårige utdanninga.

På medielinja på Hafstad vgs er det eit godt samarbeid med kultur og næringslivet. Klassane pleier gjerne å opprette ungdomsbedrift, og tek på seg oppdrag bl.a. innan reklame, filming, streaming, design m.m.

På BLOGGEN til medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs, vil du finne informasjon og bilete av elevarbeid. Sjå gjerne også ein kort film om MK, med intervju av elevar:

FILM om programområdet medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs

Det er inntil 30 elevar i klassane i dei fleste fellesfagstimane. I programfagtimane (i mediefaga) blir klassen delt inn i grupper på 15. Dette gjer til at det er godt tilrettelagt for å kunne arbeide praktisk i faga, og at kvar elev får tett oppfølging frå lærar. Medielinja er utstyrt med oppdatert programvare og profesjonelt utstyr, og det er også eit studio disponibelt på skulen.

På dette programområdet vil du få lære om- og få arbeide praktisk med ulike medium, samstundes som du får studiekompetanse og kan utdanne deg vidare på høgskular og universitet. Du vil også lære deg arbeidsmetodar som vil gjere deg godt førebudd til eit yrke innan mediebransjen.

På vilbli.no finn du følgjande informasjon om Medium og kommunikasjon:

Du lærer

  • fortellarteknikkar innan tekst, lyd og bilete
  • om mediepåverknad, mediehistorie og journalistikk
  • å utforme bodskap, uttrykk og layout
  • bruk av form, farge, lys og lyd som verkemiddel
  • å videreutvikle din digitale kompetanse
  • teoretiske fag

Du oppnår

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning

Du bør ha

  • god skriftleg og munnleg uttrykksevne
  • estetisk sans og godt fargesyn
  • interesse for informasjonsteknologi og digitale medium

Viss du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli

  • journalist, tekstforfattar eller innhaldsprodusent
  • webdesigner, interaksjonsdesignar eller spilldesignar
  • lydteknikar, lyd- eller filmprodusent
  • kommunikasjonsrådgjevar eller medie- og samfunnskonsulent
    Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet.

Arbeidsstadar kan vere

  • aviser eller magasin
  • reklamebyrå eller kommunikasjonsbyrå
  • produksjonsselskap eller mediebedrifter
  • offentlege bedrifter

Fag og timefordeling på MK for dei tre skuleåra:

Bilete viser ei oversikt over faga på MK for dei tre åra på vidaregåande skule. Her er same oversikt over fag og timefordeling på MK som vedlegg (PDF). Du får også opp ei tilsvarande oversikt over fagfordelinga for dei tre åra ved å gå inn på nettsida til vilbli.no

image6i81qm.png

Dei valfrie programfaga som blir tilbydd ved MK på Hafstad vgs er:

  • Bilde
  • Grafisk design
  • Mediespesialisering
  • Lyddesign
  • Tekst
  • Medieutvikling
Utdanningsval hausten 2018.jpg

Blogg og informasjonsfilm

Ta gjerne ein kikk innom på MK-bloggen for å finne meir informasjon, og for å sjå flotte elevarbeid frå MK. BLOGG for Medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs

Her kan du også sjå ein informasjonsfilm om MK-linja: Medium og kommunikasjon ved Hafstad vgs – Youtube