Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Fotoet viser elevar frå den vidaregåande skulen i Førde på kafe.

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Du vel fordjuping innan

  • realfag
  • språk, samfunnskunnskap og økonomi

Studiespesialisering ved Førde vgs

Skulen har fleire parallellklassar på Studiespesialisering (studieførebuande utdanningsprogram), kvar med 30 elevar både på vg1, vg2 og vg3. I vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag). I vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To fag må vere innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnskunnskap og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Du vil også få studiekompetanse ved å gå på Medium og kommunikasjon (MK) – eller ved å ta programområdet Kunst, design og arkitektur (KDA) som også er tilbod skulen har. 

For å gå på studiespesialisering bør du vere:

  • interessert i å arbeide med teoretiske fag
  • samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert
  • interessert i å skrive eller rekne
  • interesset i kultur- og samfunnsforhold

vilbli.no kan du finne meir informasjon om kva du oppnår, og vil lære ved å gå på studiespesialisering, og kva yrke du kan utdanne deg vidare til.

Det første året (vg1)

Du må ha 30 timar i løpet av det første året.

Fellesfag/obligatoriske fag på vg1 er:

  • Engelsk: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Norsk: 4 timar
  • Matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk) 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Naturfag: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Samfunnskunnskap: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Geografi: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: nivå1 tysk og spansk, nivå 2 tysk, spansk og fransk

Det andre året(vg2)

Fellesfag/obligatoriske fag på vg2 er tilsaman 15 timar. Resten av faga kan du velje sjølv. Fellesfaga er:

  • Norsk: 4 timar
  • Historie: 2 timar
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Framandspråk: nivå 1 tysk/nivå2 spansk, fransk, tysk, standpunktkarakter på vitnemål
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk): standpunktkarakter på vitnemål (gjeld ikkje dersom Realfagsmatematikk 1 eller Samfunnsfagleg matematikk 1 er vald)

Valfrie fag på vg2 / vg3

Dei valfrie faga kaller vi programfag. Du må ta 2 fag som du har over 2 år (tilsaman 10 timar pr. veke). I tillegg kan du velje eitt fag til - uavhengig av programområde (5 t/v). Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. Døme: Dersom ein har 35 timar det første året, og 30 timar det andre året, får du eit vitnemål med berre 25 timar på vg3. Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.

  • Tek du realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi, vel du to programfag på Vg2 som du må vidareføre på vg3. Dette blir kalla fordjuping. Disse programfaga må vere frå programområdet ditt.
  • Du skal velje to programfag til, eitt på vg2 og eitt på vg3. Desse kan vere frå programområdet ditt eller frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (til dømes realfag eller framandspråk). Du treng ikkje vidareføre valfrie programfag på neste trinn.
  • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 istadenfor det siste programfaget på Vg3.
  • Det er særskilte reglar for val av fag viss du vel matematikk R1/S1 som programfag på Vg2.
  • Det er opp til skulen din kva slags programfag som blir tilbydd.
  • Har du særskilte framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du vel fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.

 

Dei valfrie programfaga ved Førde vgs kan variere frå år til år, men skulen pleier å tilby: Biologi 1 og 2, Informasjonsteknologi 1 og 2, rettslære 1 og 2, kjemi 1 og 2, fysikk 1 og 2, internasjonal engelsk, samfunnsf. engelsk, økonomistyring, økonomi og leiing, sosiologi og sosialantropologi, medie- og informasjonskunnskap, matematikk R1 og R2, matematikk S1 og S2, entreprenørskap og bedriftsutvikling, sosialkunnskap, breiddeidrett 1 og 2, politikk og menneskerettar, spansk og tysk.

Det tredje året(vg3)

Fellesfag/obligatoriske fag på vg3 er også 15 timar som du ser punktvis nedanfor. Resten er valfrie fag / programfag.

  • Norsk:  6 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Historie: 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Religion: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål

Presentasjon av realfag (Youtube)

 

Vegen vidare

For deg som vil studere vidare

Når du har fullført og bestått tre års skuleegang, får du generell studiekompetanse, og kan søkje opptak på høgskule eller universitet. Somme studium krev at du vel særskilte fag. For mange studium er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfaga du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer.

Opptakskrav til høgare utdanning 

Med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet. Men nokre studium har særskilte opptakskrav:

  • Opptaksprøver: Fleire studium innan kreative fag krev ein praktisk opptaksprøve.
  • Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Døme på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskule- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. Vel du studiespesialisering med realfag på vg2 og vg3, er det størst moglegheit til å få tatt dei realfaga du vil trenge.